Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. august 2022

I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra. – Turen til det forjettede fjell gikk oppover skikkeleg bratte bakka forbi ein kraftstasjon som sikkert held straumprisene nede for utbyggaren, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.

Bratt sti frå Saga langs Bjøråa. Foto: Anne V. Einum

– Oppe i dalen fortalde kjentmannen at det heite Helvetet- det er berre 14 dagar sia vi vitja namnebroren i Søyådala. Har nordmøringane spesiell grunn til denne lite kreative namngjevinga?, undrar Kristian. 

Utsikt til fjella mot vest. Foto: Anne V. Einum

– Men vi forlet staden og steinsprang Bjøråa (vakkert namn, tyder kanskje Bæverelva? før vi kleiv bratta opp til Amtlihammaren, fortsett han.

Mot toppen av Amtlihammaren 523 moh. Foto: Anne V. Einum

– Skikkeleg varmt var det, – er det årsaka til den nemte namngjevinga?, undra dei på, medan dei gjekk oppover.

Utsyn over heile Bæverdalen og langt vidare. Foto: Anne V. Einum

– Nok om det; utsikten frå hammaren var storslagen, både beint nedi Bæverdalen og vide omkring til blåe Trollheims- og Eikesdalsfjell, fortel han vidare. 

Nysgjerrige ungnaut kom etter oss. Foto: Anne V. Einum

– Litt debatt omkring namnet Amtli var det dag også. Kjem det frå den gamle tida da distrikta vart kalla amt?, utan at det vart ein endeleg konklusjon på spørsmålet. 

Ei av dei gamle Bæverfjordsetrene. Foto: Anne V. Einum

– Etter ein lang og god rast bar det nedover til Bjøråa igjen, men denne gongen lenger inne i dalen ved enden av eit lite vatn der det vaka fisk, før vi svinga bortom setrene, fortel Kristian.

Mannen i treet. Foto: Anne V. Einum

– Der vart det fortald om ein gluping som forska på rome (planta, ikkje feilskreve rømme!) Han låg der i 4 veker og trivdest godt. Men da ham fikk besøk, klaga han på at komfyren rauk inn så gale. Det viste seg at han tente opp i bakaromnen. Det var vel ikkje omnar han forska på, legg han lattermildt til. 

Enda ei vakker brunsvidd Bæverfjordseter. Foto: Anne V. Einum

– Ein fin og blank buskap storfe gjorde sitt for å halda gras og kjerr nede. Er vi siste generasjonen som opplever framkommelege fjelldalar?, undra Kristian og dei andre i turfølget. 

– Derifrå var det berre unnabakka nedatt til Saga, avsluttar Kristian i Fjellgruppa. 

Tuft etter gamalt seterfjøs. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå gårsdagens tur til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra kan du sjå nedanfor: 

Først publisert: 24. august 2022, 19:05 - Sist oppdatert: 25. august 2022, 06:09