Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2022

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. august 2022

Fredag 2. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.   


Raset i Åsbøsnyta – større enn ein kunne tru

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2022

Den 16. juli hadde vi ei sak om eit ras som hadde gått i Åsbøsnyta som hadde stoppa før det kom ned til vegen. Vi hadde eit par bilder som var tekne på avstand, slik at det var vasnkeleg å sjå kor stort det var. Anders Magne Ormset, som driv jakt i området her, var i området her i går som førebuing til jakta. Han vart overraska over kort stor raset var, og har sendt oss bilde frå rasområdet


Kløvertur til Råa og Løfta

Dordi Jorunn Halle Laurdag 27. august 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 29. august. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?


BH-festivalen – sosialt og triveleg å treffast

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2022

Pandemien vi har opplevd dei siste 2-3 åra har vist oss at vi har behov for å treffast og være sosoiale – BH-festivalen er ikkje noko unntak. Elinor Bolme ønska eit 50-tal deltakarar velkomne på BH-festival i Bekkerhagan bustadfelt, og sa at dei hadde ikkje så mykje å by på, men det er atig å treffast lell. Bekkerhagan Vel var vertskap for BH-festivalen.


Søyacupen 2022 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. august 2022

Årets utgåve av Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag. 64 lag med spelarar, både jenter og gutar, i alderen 6 – 12 år, spela totalt 97 kampar. Ramma rundt Søyacupen var som vanleg bra, og når dei i tillegg fekk med seg vêrgudane på laget, så vart det ein vellykka cup med gode fotballminner for både spelarar og publikum. 


Sesongslutt på Todalshytta i helga

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2022

Lørdag 27.  og søndag 28. august er siste sjanse for à la carte meny i restauranten på Todalshytta.  Fra neste uke er Todalshytta åpen bare på bestilling for selskap, arrangement og overnatting, melder Arve Evensen.  Ta kontakt med Arve på telefon 929 97 550 for eventuell avtale om servering og overnatting.     


Inviterer til Stikk UT! Festival! 

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2022

1.- 11. september inviterer Friluftsrådene i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets uke med en feiring av Stikk UT! og den enorme turgleden som regjerer i fylket vårt. Denne uka oppfordres alle til å ta en tur eller to til ett eller flere av de 500 turmålene i årets sesong. – Og ta gjerne med deg noen på tur, er oppfordringen, når Stikk UT! nå setter fokus på verdien av å være ute i naturen – sammen!


Bli med Fjellgruppa til Ansnessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. august 2022

Tysdag 30. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Ansnessetra i Todalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00, for samkøyring til Todalen og Todalsøra. På Todalsøra vil kjentmann Gudmund møte opp og vise kor det kan parkerast. 


Klart for Søyacupen 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. august 2022

I morgon, laurdag 27. august, arrangerer I.L. Søya Søyacupen 2022. på Søyabanen. Cupen er for jenter og gutar i alderen 6 – 12 år, og det er i år påmeldt 64 lag, og skal spelast totalt 97 kampar i løpet av dagen. Cupen tek til klokka 9:30 og er ferdig eit godt stykke ut på ettermiddagen. 


Stavgangarane til Søyådalen i finvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. august 2022

I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen. 27 stavgangarar deltok på turen, og det vart ein skikkeleg finvêrstur med 25 grader. 


Koka bacalao til 200 i storgryta

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2022

Jon Olav Roaldset tok seg på tak da han skulle lage bakalao til alle besøkande på Byggmakkers Proffmesse på Gammelfabrikken. Han laga glatt 200 posjoner med bacalao i storgryuta, og lovprise eigenskapane til den gamle vedførte storgryta. Det var Todalshytta som sørga for trakteringa til gjestane, og Roaldset garanterte at det vart nok og lova påfyll til alle som ønska det


Byggmakker samla troppane på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2022

Byggmakker samla proffkundane sine (entreprenørkundane) til fagmesse på Gammelfabrikken torsdag – først på dagen var alle elevane frå BA (bygg og anlegg) invitert og her troppa det opp elevar frå 4 vidaregåande skular – Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund, fortel Konrad Våbenø frå BM Surnadal. -Viktig at vi får med oss framtidas snekkarar på slike arrangement, seier Konrad som sett stor pris på at elevane tok i mot innbydinga og kom på todalsvisit. I tillegg til Byggmakker Surnadal er også kundane til BM Bytås og BM Tredal inviterte til Todalen