Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søyacupen 2022 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. august 2022

Årets utgåve av Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag. 64 lag med spelarar, både jenter og gutar, i alderen 6 – 12 år, spela totalt 97 kampar. Ramma rundt Søyacupen var som vanleg bra, og når dei i tillegg fekk med seg vêrgudane på laget, så vart det ein vellykka cup med gode fotballminner for både spelarar og publikum. 

Da er det straks klart for avspark. Foto: B G Ansnes

Det var både kiosksal og sal av grillmat, og det var nok mange som nytta høvet til å ta laurdagsmiddagen på Søyabanen i dag. Nokre tok nok ettermiddagskaffen også, så er det nemnt!

Fagerli Brothers viste fram fotballtriksing i verdsklasse. Foto: B G Ansnes

Verdsmeistrane i fotballtriksing, Fagerli Brothers, (Brynjar og Erlend Fagerli), hadde to «trikseshow», der dei viste fram fotballballkunster i verdsklasse til eit imponert publikum. Her var det nok mange som både vart imponert, og ikkje minst som vart inspirert!

Det var stor innsats og mange gode prestasjonar i alle kampane. Foto: B G Ansnes

Det var stor innsats og speleglede, og spelarane såg ut til å kose seg. Mellom kampane vart det også tid til litt leik og anna moro, i alle fall for dei yngste spelarane.

Espen Andersen var ein av dei mange gode kampleiarane under Søyacupen. Foto: B G Ansnes

Søyacupen har alltid vore kjent for å ha gode kampleiarar (dommarar), og årets utgåve var ikkje noko unntak i så måte. Så her har dei lagt ned eit godt arbeid gjennom fleire år, der dei har passa på å rekruttere nye dommarar kvart år. 

Sekretæriatet hadde full kontroll. Foto: B G Ansnes

Alle spelarane fekk sjølvsagt premie etter at dei hadde spela alle kampane sine, noko som for mange er høgdepunktet med cup!

Surnadal/Søya G12 fekk sine pokalar. Foto: B G Ansnes

Vi kan trygt konstatere at I.L. Søya kan notere nok ein vellykka Søyacup inn i minneboka si. Ein smilande og nøgd leiar i fotballgruppa, Leif Magne Andersen, kunne nøgd konstatere at også årets Søyacup blir ei god inntektskjelde til I.L. Søya. Han nytta også høvet til å takke alle dei frivillige for innsatsen og sponsorane for støtta. – Utan dei frivillige hadde det ikkje vore mogleg å arrangert ein slik cup, seier han. Han rekna med at mellom 1200 –  1500 personar hadde vore innom Søyacupen i løpet av dagen. 

Leiar i fotballgruppa, Leif Magne Andersen (t.v.) saman med fast speaker, Magne Hansen, kan nøgd konstatere nok ein suksess for Søyacupen. Foto: B G Ansnes

Publisert: 27. august 2022, 15:30