Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for Søyacupen 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. august 2022
I morgon, laurdag 27. august, arrangerer I.L. Søya Søyacupen 2022. på Søyabanen. Cupen er for jenter og gutar i alderen 6 – 12 år, og det er i år påmeldt 64 lag, og skal spelast totalt 97 kampar i løpet av dagen. Cupen tek til klokka 9:30 og er ferdig eit godt stykke ut på ettermiddagen. 
 
Det blir open kiosk og sal av grillmat under heile cupen. Så har ein ikkje middagsplanene klare til i morgon, så kan ein tur til Søyabanen for å kjøpe seg grillmat vere eit høgst aktuelt alternativ!
 
Verdsmeistrane i fotballtriksing, Fagerli Brothers, kjem til årets Søyacup for å vise fram kunstene sine. Dei vil ha eit «trikseshow» på føremiddagen (ca. klokka 11:30) og eit på ettermiddagen (ca. klokka 14:30). 
 
Meir informasjon og kampoppsett Søyacupen 2022
 
I.L. Søya ønsker alle velkommen til årets Søyacup!
 
Publisert: 26. august 2022, 09:57