Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Innerdalen og Renndølsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. august 2022

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skulle eigentleg på tur til Innerdalen og Renndølsetra tysdag, men vêrmeldingane på yr.no meldte mykje nedbør, så turen vart utsett til i går. Og da skein sola på oss!, seier ein særs nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa!

Fin start med ferga Kvanne – Rykkjem. Foto: Anne V. Einum

– Heile 30 opplagte fjellturfolk møttest på Kvennaferja under ein blå himmel, så da vi gikk frå bilane i Viromdalen med mål Renndølsetra i Innerdalen, var stemninga på topp, trudde vi. Men da vi kom fram til setra og såg at vertskapet hadde sett av dei tri beste borda til oss, kjente vi oss som VIP-gjestar der vi benka oss omkring borda, fortel Kristian vidare.

Til fots frå Nerdal. Foto: Anne V. Einum

– Vakrare kulissar enn i Innerdalen finst knapt i landet, og dei stod godt til bakelsa (ja det hette bakels på surndalsk!) med rømme og syltaty og smellgod kaffe som vart servert av blide vertinner, fortsett han ivrig og entusiastisk.

Innerdalsvatnet under Innerdalstårnet. Foto: Anne V. Einum

– Verten sjølv, Eystein Opdøl, ga oss ei fin orientering om seterlivet i Innerdalen i farne tider, og om bestefaren Eystein, som sørga for at dalen vart berga for neddemming i den store kraftbyggingstida. Det vil alle seinare slekter vera han takksam for, seier Kristian.

I Norges vakreste dal. Foto: Anne V. Einum

Det kom forslag om at vi skal ha ein overnattingstur hit neste år. Den som lever får sjå, men kanskje lysta til ein slik tur heldt oss i gang enno eit år? Ja trur mesta det, avsluttar han. 

Smakfulle bakels med seterrømme og solbærsyltetøy. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur til Innerdalen og Renndølsetra i går kan du sjå nedanfor:

Publisert: 19. august 2022, 08:04