Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korleis blir det med matproduksjonen i tida som kjem?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. august 2022

Sist Jenny Klinge var i Viastua på besøk, for 5 år sia, var ho med på morgonstellet i fjøset hos Ola Kvendset. Veldig triveleg og lærerikt det, men i dag var ærendet eit heilt anna. I dag var det «retninga for landbruket og matproduksjonen framover» som stod på dagsorden da Jenny vitja Viastua saman med ordførar Margrete Svinvik. – Det er viktig for oss å følgje med på det som skjer, slik at vi held oss oppdatert, seier Klinge. Klinge er oppteken av kva som skjer med bygdene i Noreg og kva folk her skal leve av og kvar folk skal bu.  

Stor kostnadsauke
I vår var det veldig stor fokus på jordbruksforhandlingane, der kravet var «skyhøgt» berre for å dekke inn dei auka kostnadene som har råka heile samfunnet, men kanskje jordbruket spesielt. Driftsmidlar til jordbruket, spesielt kunstgjødsel, kraftfôr straum, diesel har vore spesielt utsett for prisauke det siste året.  Utfordringa var å få dette dekt inn, men til slutt lukkast det å få innfridd kravet. Men likevel var det eit stort men for måten det vart fordelt.

Må være kreativ
Det var nok ikkje alle som fekk det dei trong.  Ola og Anne Berit tykkjer at det er for stor fokus på areal når tilskot skal fordelast.  Dei tykkjer at det skulle vore meir fokus på kor mykje for ein klarar å produsere, og skulle premiert den som er litt kreativ og oppfinnsam for å finne nye vegar for å produsere meir på det arealet ein har og for å nytte ut dei ressursane ein har på ein betre måte. Ola er over gjennomsnittet interessert i å finne nye måtar å kombinere forskjellige vekstar på, og har faktisk klart å auke fôrproduksjonen på det arealet som han har til disposisjon. I år reknar han med at han kan hauste 4 gong på noko av arealet og få godt og proteinrikt fôr.    

Godt med ferie på frodige beiter i Kvennsetdalen. I år er det krøtter på beite i Kvennsetdal for første gong på mange år. Foto Ola Kvendset.

Må nytte ut utmarksbeita
Ola og Anne Berit har i år ungdyr og kyr som ikkje mjølkar på beite i Kvennsetdalen. Det er no mange år sia utmarksbeita i Kvennsetdalen har vore bruka, og dei følgjer spent på korleis dyra trivest på den fine og frodige utmarksbeita i Kvennsetdalen. Det er spesielt det elektroniske gjerdesystemet Nofence som har gjort det mogleg å sende dyra på utmarksbeite på eit rasjonelt vis. – Ein kan her administrere beiteområdet der dyra skal halde til på telefonen, og faktisk ha full kontroll på til ei kvar tid. 

Tilskotsordningane er ikkje tilpassa unge drivarar
Mange av tilskotsordningane er ikkje tilpassa unge og entusiastiske drivarar, noko Ola og Anne Berit har erfart sjølve. Ordningane er best tilpassa offentleg tilsette som opplever at dette fungerer godt, medan næringsdrivande møter problem når det er snakk om støtte til vikar. Spesielt er råkar dette kvinner i landbruket, og dette vil Jenny no sjå nærare på.

Liv på bygda
Det er iallfall viktig at det blir gjort nok for å få folk til å busette seg på bygda. Det er nok ikkje berre i Todalen og Surnadal at dette blir ei utfordring i tida framover – det råkar faktisk faktisk heile bygde-Noreg.  Skal det bu folk på bygda så må dei ha arbeid og ein plass å bu.

Først publisert: 18. august 2022, 16:30 - Sist oppdatert: 19. august 2022, 15:12