Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2022

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Bernt Venås med fokus på fylkesvegane i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. august 2022

I dag var fylkestingsrepresentant og varamedlem til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylke, Bernt Venås frå Senterpartiet. på ein liten rundtur rundt Todalen for å sjå på vegstandarden på fylkesvegane. Det har i fleire år vore meldt inn behov for ny asfalt, frå Svinvik tunnelen og til Halle, og sjølv om strekninga har vore på Vegvesenet si prioriteringsliste, har det ikkje blitt løyvd midlar til dette arbeidet.


Todalshytta held stengt søndag 14. august

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. august 2022

Søndag den 14. august er Todalshytta desverre stengt for servering og drop-in, da verten skal avgårde for å hente meir «ekstrahjelp», skriver Arve Evensen i ei melding til todalen.no.  – Evensen beklager dette, men informerer samtidig om at det blir normal opningstid frå onsdag 17. august.      


Velkommen til «Fiskesommer» på Nordvik i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. august 2022

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer i kveld (torsdag 11. august), klokka 19:00 – 22:00 til «Fiskesommer» på Nordvik. Dei inviterer alle barn med foreldre/føresette til ein kveld med sjøfiske. Alle som trenger det vil få hjelp og assistanse frå folk frå SJFF. 


Bli med Fjellgruppa til Innerdalen og Renndølsetra tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. august 2022

Tysdag 16. august går, Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, sin tur til Innerdalen og Renndølsetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 11:00 for samkøyring. Dei som har kortare veg til Kvanne fergekai, møter her. Det blir parkering Innst i Virumdalen, før turen går vidare til fots etter god veg opp dei 4,5 kilometrane til Renndølsetra. 


Ny oppfriskingsdose: Innkalling av alle 65 år og eldre

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. august 2022

FHI anbefaler ny oppfriskingsdose til alle 65 år og eldre. Derfor vil Surnadal kommune kalle inn alle som er 65 år eller eldre til ny oppfriskingsdose. Først vil dei resterande på 75 og eldre bli kalla inn – så kjem turen til dei på 65 – til 74 år.


Kårvatn Sky Race 2022 – klart for start laurdag 20. august

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2022

Neste laurdag, den 20. august, er det klart for start i årets Kårvatn Sky Race 2022. Det er no opna for påmelding, og det er det ingen grunn til å vente med, seier Gudmund Kårvatn som er primus motor for løpet som arrangerast i regi av Trollheimen Fjellsportklubb. Den store nyheita i år er at det er heilt ny trasse for alle 4 løypene


Fjellgruppa til Svarrafjellet og Steinslettet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. august 2022

– «Dra aldrig dit!», sa visstnok gamle Henrik Ibsen eingong, og peika opp på fjellet (visstnok Fannaråken), Innleiar Kristian Ranes i Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. – Hadde det vore i dag, hadde han på det næraste hatt rett, legg han til. 


Søyacupen 2022 på Søyabanen laurdag 27. august

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. august 2022

Laurdag 27. arrangerer I.L. Søya Søyacupen 2022. Cupen er for jenter og gutar i alderen 6 – 12 år, og det blir spela 3-er fotball med vant for 6 og 7 åringane, 5-er fotball for 8 – 10 åringane og 7-er fotball for 11 og 12-åringane. Det er framleis mogleg å melde på lag, men påmeldingsfristen nærmar seg med stormskritt!


Skyteprøve: Førebur seg på jakta i haust

Jon Olav Ørsal Måndag 8. august 2022

Kvar måndagskveld sia 27. juni har Søya og Todalen Skytterlag arrangert skyteprøver for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne. Skal du på storviltjakt så slepp du ikkje unna skyteprøven i år, slik som dei to pandemiåra. Det er obligatorisk med 30 prøveskott, og 5 skott til skyteprøven og 5 treff.


Stavgangarane tek turen til Ranessetra på torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. august 2022

Etter ein kort ferie, startar Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag haustsesongen med stavgangtur til Ranessetra torsdag 11. august klokka 11:00. Oppmøte ved bommen klokka 11:00, for samkøyring oppover til parkeringsplassen.


Kåra til beste bilete i juli

Guro Redalen Måndag 8. august 2022

Stemmane er talt opp, og det er Ann Iren Kalseth sitt bilete av Todalsøra som er kåra som beste bilete frå juli.


Surnadal JFF med aktiv start på hausten

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. august 2022

Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) si «Jentehelg» er årets nykommar på aktivitetsfronten, og blir arrangert helga 26. – 28. august. Kvinneutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) håper da på stor oppslutning! Det vil vere mogleg å delta heile helga, eller berre på turen til Vaulen, som er frå laurdag til søndag.