Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SJFF med Aktivitetsdag i sentrum – Lavterskelaktivitet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. august 2022

Laurdag 20. august frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til aktivitetsdag for alle i Svartvassområdet. Store og små er velkomne til samling i det flotte nærområdet der. SJFF legg til rette for aktivitetar dei har lyst til å dele med dei som kjem, alt relatert til jakt-, fiske- og friluftsaktivitetar og med spesielt fokus på moglegheiter i sentrum.

Kanskje finst det spennande ting å gjøre som du ikkje har tenkt på?

SJFF serverer smakebitar av diverse godt som naturen rundt har å by på; kanskje vil du også få vere med og lage noko godt sjølv også!

Flere av utvala i SJFF vil vere representert og dei håper de tek turen og besøker dei!

Ta på uteklær etter, så tek ein det derifrå!

Arrangementet er gratis og passer for absolutt alle!

Aktivitetsdag i sentrum – Lavterskelaktivitet – Surnadal JFF (njff.no)

SJFF minner i same slengen om arrangementet «Jentehelg i Surnadal 2022», helga 26 – 28. august. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 18. august 2022, 12:33