Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2022

Vi fann 118 artiklar i dette arkivet.


Stavgangarane tek turen til Krokvatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. juni 2022

Torsdag 30. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Krokvatnet. Oppmøte ved Dømmheim bedehus for samkøyring, da det er bomveg.  


Tysdagens dugnad på Bordholmen – utsett til onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. juni 2022

Med bakgrunn i vêrmeldingane for tysdag, er tysdagens dugnad på Bordholmen stadion utsett til onsdag 29. juni klokka 18:00. Da skal det fliast til Todalsdagen 2022, som blir arrangert på Bordholmen 2. juli. Det skal kløppast gras, rakast og gjerast litt anna forefallande arbeid, som å flytte benkar.   


Surnadal Arbeiderparti inviterer til Røv Mølle

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. juni 2022

Onsdag 29. juni klokka 15:00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til treff på Røv Mølle. Dit kjem også Stortingsrepresentant og Fylkesleiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti, Per Vidar Kjølmoen for å vere med.


Hønhalsen gjekk i natt

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. juni 2022

I natt gjekk Hønhalsen, så da kan badesesongen offisielt ta til. Faktisk gjekk Hønhalsen av på akkurat same dato i år som i fjor. Den tidlegaste registreringa av når Hønhalsen har gått, er 12. juni, men det har også hendt at det har stått juli på kalenderen før den har gått. Takk til Line Kvendset, som har sendt oss informasjon!


Åmotan og bakels på Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. juni 2022

Høveleg feriesyssel er faktisk å ta ei «utror» til fjellgardane i Sunndal – no er det nemleg stor vassføring på grunn av snøsmeltinga, og Åmotan er litt av eit syn som blir koka saman frå elvane frå 6 dalar. Eit prektig syn som du blir imponert av uansett om du har vore der og sett det før – eller ei! Ein anna syssel på ein slik dag er faktisk å ta turen utover til Vangshaugen, der det i helga var sesongopning og premiere for nystekte bakels med sønndalsgraut, rømme og jordbærsyltetøy.


Med varmen kom laksbettet i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2022

Laurdag kom varmen og skikkeleg fiskarelv. Klokka 21 var vassføringa kome på rundt 41,5 M3/sek, og når gradstokken nærma seg trettitalet så vart det skikkeleg snøsmelting og med litt fønvind i tillegg så fikk snøen i fjella bein å gå på. Laurdag vart det teke to store laksar – ein på 9,6 og ein på 8,4 kg. Endeleg ser det ut til at laksefisket kjem i gong for alvor – i skrivande stund er det teke 10 laksar i Toåa denne sesongen.


Badeplassen nyflidd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. juni 2022

I går kom varmen, og Todalen Båtforening var ute med graskløpparen og fekk slått graset på badeplassen i Sissigrenda. Så da kan badesesongen ta til, men det er ikkje meldt om dei heilt store badetemperaturane enda, men den kjem nok med varmen!


Løkka i livet er å kome seg til Haukeli

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2022

Det er dei einige om begge to – løkka i livet er å kome seg til Todalen og hytta Haukeli, som ligg i Krokan. Einar Sundet og Wenche Snekkersveen kjem frå Rendalen, og stortrivest altså på hytta i Todalen. Einar har alt landa sin første laks i år, ein holaks på vel 5 kg – teken på flue i Meet


Førehandssalet i SUPERLOTTERIET fortsett på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juni 2022

Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd fortsett i morgon på Matkroken Todalen frå klokka 11:00 – 14:00. 


Todalsdagen er i rute – mykje som må ordnast

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juni 2022

I dag var det service på trøbilane på Bordholmen – trøbilane er nemleg populær tidtrøyte for unge fotballentusiaster i ventetida mellom kampane. Fleire av trøbilane var prega av slitasje, så det var behov for både dekk, kjeder og nye lager for å få den «på vegen» igjen.


Sesongavslutning – Fjellgruppa til Vardfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juni 2022

Torsdag 30. juni går vårsesongens siste tur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Da tek dei turen til Vardfjellet inst i Bøverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Bøverdalen og Øygaraden. Der blir det parkering, og turen går så mot Vardfjellet, som ligg på rundt 600 meter over havet. 


St. Hans med grillkos og bålbrenning i turstien

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juni 2022

Det var trimgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør da St. Hans vart feira med bålbrenning og grilling ved gapahuken i Båthølen. Torsdagskvelden vart ein rettelg fin sommarkveld med sol og god temperatur, og jammen trur eg både store og småe kosa seg på kvar sin måte