Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førehandssalet i SUPERLOTTERIET fortsett på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juni 2022

Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd fortsett i morgon på Matkroken Todalen frå klokka 11:00 – 14:00. 

Også i år er det mange fine gevinstar å vinne for dei heldige. Gevinstane i år er:

  • Gåvekort frå Hageland Surnadal på 5.000,- kroner
  • Smartklokke
  • COOP-gåvekort på 1.000 kroner frå Matkroken Todalen
  • Helly Hansen Reisebag (70 liter) frå Pipelife
  • Flammelampe frå Power Surnadal. 

Det vil vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen i morgon (laurdag 25. juni), frå 11:00 – 14:00 og fredag 1. juli frå 10:00 – 17:00  og Todalsdagen den 2. juli. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926, hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på når du Vippsar! Kvart lodd kostar kroner 20,- 


Publisert: 24. juni 2022, 15:00