Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2022

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Surnadal kommune – Status for koronasituasjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. februar 2022

I si vekentlege statuoppdatering for koronasituasjonen i Surnadal kommune, kan kommuneoverlege Bjørn Buan opplyse at det dei to siste vekene er registrert 158 nye koronasmitta i kommunen. – Vi er midt i smittebølgen, men har god beredskap for å trygge kvardagen, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. 


«Barn i løypa» i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. februar 2022

Tysdag 8. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg.


Surnadal Senterparti minner om årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. februar 2022

Styret i Surnadal Senterparti minner om partiet sitt årsmøte i den «gamle» kommunestyresalen på Surnadal kommunehus, tysdag 8. februar klokka 19:00! På grunn av koronasituasjonen blir det høve til å delta på årsmøtet digitalt, via Teams!


Tysdag er fast balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 7. februar 2022

Balldagen sist tysdag var ein ubetinga suksess, og det var ei klar oppfordring frå publikum om at dette må vi fortsette med, seier dei to ballgeneralane på Todalshytta, Arve Evensen og Kjell Arve Vikavoll som har spisskompetanse på ball – både sildball og potetball.


Trim i Meierisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. februar 2022

Torsdag 10. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.


Fjord1: Rute 46 er i normal drift igjen

Jon Olav Ørsal Måndag 7. februar 2022

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Sambandet var ei stund innstilt itidlegare i kveld, men er forlengst tilbake i normal drift igjen.


Mange kom på sosial OL-kaffe i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2022

Trimgruppa i Todalen I.L. arrangerte OL-kaffe i turstien søndag ettermiddag.  Det vart ein stor suksess, sjøl om Klæboe ikkje innfridde forventningene om OL-medalje i Beijing.  Elinor Bolme, som er leiar i trimgruppa fortalte at dei hadde servert kaffe og nystekte kanelsnurrar til 50-60 deltakarar som var møtt opp. 


6. februar – samefolkets dag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2022

Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet. 


Meir omfattande skade på Haukåbrua

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. februar 2022

BMO Entreprenør er godt i gang med restaureringa av Haukåbrua.  Som vi omtala i ei tidlegare sak så skal det skiftast lager og lages nytt rekkverk på brua.  Dette arbeidet var planlagt ferdig i slutten av februar.  Etter at arbeidet starta har dei oppdaga at skadeomfanget på brua er større enn dei først trudde. Det har difor vore naudsynt å ta nokre avgjerder undervegs i arbeidet, fortel  Asbjørn Myrkaskog og Rolf Ivar Fure som representerer entreprenøren. 


Utreist på randonee i Italia

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. februar 2022

Medan Therese Johaug haustar gull i Beijing, representerer Erik Kårvatn Trollheimen Fjellsportklubb og landslaget i sprinten i Valtellina Orbie i Italia.  Der det i dag vart 10.-plass på Erik.
På telefon rapporterer Erik at han er god nøgd med resultatet og seier at resultatet er på rett veg.  Dagens 10.-plass er nok den beste plasseringa han har gjort internasjonalt i konkurranse med verdas beste i sin klasse.


«OL-Kaffe» i Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. februar 2022

Søndag 6.februar klokka 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til «OL-Kaffe» i gapahuken i Båthølen. Det blir sal av kaffe med tilbehør. Så her blir det ei god muligheit for å komme seg ut å ta ein kopp kaffe i sosialt lag, etter at søndagens OL-program er ferdig, og før søndagsmiddagen.


Fredag: Gaupe felt på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 4. februar 2022

Fredag vart det felt ei gaupe på Nordvik.  Etter som vi forstår så er det hogaupa Gudrun som er felt fredag ettermiddag, ei stor hogaupe på rundt 20 kg. Dette er gaupe nummer to denne veka, etter at det vart felt ei stor hanngaupe tidlegare i Surnadal tidlegare i veka.