Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utreist på randonee i Italia

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. februar 2022
Medan Therese Johaug haustar gull i Beijing, representerer Erik Kårvatn Trollheimen Fjellsportklubb og landslaget i sprinten i Valtellina Orbie i Italia.  Der det i dag vart 10.-plass på Erik.
På telefon rapporterer Erik at han er god nøgd med resultatet og seier at resultatet er på rett veg.  Dagens 10.-plass er nok den beste plasseringa han har gjort internasjonalt i konkurranse med verdas beste i sin klasse.

Komplett resultatliste frå dagens Sprint

No føler han at kroppen kjennes mykje piggare og at alt det tekniske fungerer  fungerer godt.  – Var litt sein i skiftesona, men elles var det bra driv i dag.  
Og prologtida viser at det går unna, og om ein sett den tida i finalen så er det 5. beste tida.  
Erik ser no fram til EM i Catalonia i Spania i neste veke og tykkjer det er godt å være skikkeleg motivert til «jobben» der!
 
Seinare i februar er det konkurranse på heimebane med Kårvatn Skimo i helga 26. og 27. februar.  her kjem vui att med fleire detaljar etter kvart. 

Full driv for Erik – i dag vart det 10.-plass i selskap med dei aller beste. Det må være bra! Foto Skimostats.

Skimostats har lagt ut mange bilder frå dagens renn – klikk på linken: https://drive.google.com/drive/folders/1-UuVZAha7KmvbADXTNKqRQJ5MvwCXMq0 

Publisert: 5. februar 2022, 11:13