Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – Status for koronasituasjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. februar 2022

I si vekentlege statuoppdatering for koronasituasjonen i Surnadal kommune, kan kommuneoverlege Bjørn Buan opplyse at det dei to siste vekene er registrert 158 nye koronasmitta i kommunen. – Vi er midt i smittebølgen, men har god beredskap for å trygge kvardagen, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Som tilfellet er for mange andre kommunar, vassar også Surnadal kommune litt i korona om dagen. I følge kommunen sine eigne tal måndag morgon, har kommunen tilsaman 158 registrerte smittetilfelle i løpet av dei to siste vekene. Så langt kommunen kjenner til, er det heldigvis ingen i kommunen som er alvorleg sjuke av korona, men mange har symptom som liknar ein forkjølelse eller influensa. Enkelte har også vorte smitta to gonger.

Med endra TISK-strategi med fokus på sjøvtesting, sjølvrapportering og varsling av eigne nærkontaktar, er ikkje lenger talet på smitta den mest pålitelege og viktigaste indikatoren. Det viktigaste framover, blir difor å følge med på utviklinga i sjukefråværet og talet på sjukehusinnleggingar.

Surnadal kommune er rimeleg godt skodd for å møte den pågåande smittebølga og har gode beredskapsplanar for iverksetting av tiltak, dersom dette skulle bli nødvendig, for å sikre levering av lovpålagte tenester. Det kan for eksempel vere overgang til gult nivå eller ekstra smitteverntiltak som tryggar tilsette og tenestemottakarane ved sjukeheimen og i helse- og omsorgstenesta.

Surnadal kommune har ein klar ambisjon om at barn og unge skal ha ein så normal kvardag som mogleg gjennom smittebølga. Dei siste par vekene har smittetrykket vore størst på ungdomstrinnet, og da særleg på 10. trinn, ved Surnadal barne- og ungdomsskule. Fleire elevar og tilsette er no på veg tilbake til skulen etter isolasjon, medan nye blir smitta. Surnadal kommune har likevel eit godt håp om at dei skal rekke å ta att tapt undervisning, med særleg fokus på avgangselevane.  

Surnadal kommune har til no hatt relativt lite smitte i barnehagar og på barnetrinnet. Det kan vere stille før stormen. Får kommunen mykje smitte i barnehagane, vil smitten spreie seg i husstandane og slik råke mange tilsette i kommunale tenester og elles i arbeidslivet.  Med lettelsar i dei nasjonale restriksjonane må ein i tillegg rekne med å få smitteauke også i vanlege virusinfeksjonar, noko som gjer at enno fleire får sjukefråvær grunna omsorg for små barn eller på grunn av eigen sjukdom. Kommunen minner difor om at det er viktigare enn nokon gong å ikkje sende barn med symptom for raskt tilbake til skulen eller barnehagen.

Sjølv om alle gjer så godt dei kan, må ein førebu seg på at det kan komme raske endringar på kort varsel. Dette kan innebere litt dårlegare service, men forsvarleg drift i ein kortare periode.

Vinterferien kjem i veke 8. Folk må gjerne ta eit velfortent avbrekk frå kvardagen og besøke slekt og vener. Smittetrykket er høgt overalt, så det spelar liten rolle kor ein befinn seg.

Det viktigaste kvar enkelt kan gjere i vekene inntil smittetoppen er nådd, er å teste seg og vere heime dersom ein er sjuk. Det er varsla ny vurdering av nasjonale tiltak om kort tid. Surnadal kommune følger nasjonalt tiltaksnivå så langt det er forsvarleg.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. februar 2022, 15:05