Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

6. februar – samefolkets dag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2022

Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi6. februar er ein dag felles for alle samar i NoregSverigeFinland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet. 

Datoen markerer det første samlande møtet for ulike samiske organisasjonar og aktivistar i Trondheim 6. februar 1917, med deltakar frå Noreg og Sverige. Dette var første gong i historia at nord- og sørsamar frå ulike land samla seg til eit stort møte for å drøfta felles saker og problemstillingar. Elsa Laula Renberg stod bak både ideen og sjølve møtet, som samla over hundre deltakarar.

Først publisert: 6. februar 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 5. februar 2022, 21:02