Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag er fast balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 7. februar 2022

Balldagen sist tysdag var ein ubetinga suksess, og det var ei klar oppfordring frå publikum om at dette må vi fortsette med, seier dei to ballgeneralane på Todalshytta, Arve Evensen og Kjell Arve Vikavoll som har spisskompetanse på ball – både sildball og potetball.

Salet av potetball og sildbal var omtrent 50/50, og det er da slik at det er kvar sin smak kva som er best – og best er da faktisk det du er vant med, seier Vikavoll til Todalen.no.  Difor vil det framleis bli valmulegheit mellom potetball og sildball kunkluderer dei to. 

Tysdag er det servering frå kl 15:00 til kl 18:30, og vil du være sikker på at du får den sorten du vil ha, så er det faktisk lurt å ta ein telefon eller sende ein SMS til Arve Evensen på telefon 929 97 550.

Publisert: 7. februar 2022, 19:22