Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2021

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.




Da er Toåa tursti heilt ferdigbygd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. mai 2021

Torsdag gjorde Per E. Gjeldnes Maskin ferdig siste parsell av Toåa tursti. Fram til no har det vore ein omlag 200-250 meter lang smal grus-sti som stod att før turstien kunne reknast som heilt ferdig. No har altså denne parsellen òg fått same universelle utforming som resten av turstien, frå gapahuken ved Båthølen og nedover til Hallsetbrua. Den universele utforminga gjer at òg folk med rullestol og barnevogn no kan bruke heile turstitraseen og dermed få full glede av Toåa tursti.  


Stem på månadens bilete for april

Mari B. Redalen Laurdag 8. mai 2021

Kom mai du skjønne milde, her kjem månadens bilete kåring for april som ikkje var riktig så mild. Stem på bilete du likte best slik at vi kan kåra ein vinnar.


Surnadal kommune med tilbod om gratis «Sommarskule»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. mai 2021

Surnadal kommune kan i år tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Tilbodet er meint å kompensere for den tida mange elevar har mista på skulen på grunn av  koronautfordringane det siste året. Det er regjeringa som har løyvd pengane som no gjer det mogleg for Surnadal kommune, og 227 andre kommunar, å tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Det er Kulturskulen som administrerer ordninga i Surnadal kommune. 


Utplasseringsveke ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. mai 2021

Elevane som går i 9.årstrinn ved Surnadal barne- og ungdomskule har kvar vår utplasseringsveke hos ulike lokale bedrifter eller institusjonar. Utplasseringsveka er meint å gje ungdommane arbeidstrening, men og for å hjelpe dei med å velje som karriereveg for framtida. Det er mindre enn eitt år til elevane i 9.årstrinn må velje kva line dei vil søkje på når dei frå hausten 2022 skal starte på vidaregåande utdanning. Valet dei da gjer, vil vere retningsgjevande for den framtidig karrierevegen deira, og for kva dei kan og vil arbeide med i framtida. 


Nordvik grendalag møter våren

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2021

Nordvik Grendalag har hatt styremøte og lagt planer for våren.  Aktivitetane i grendalaget har vore sterkt påverka av koronasituasjonen og fokus på å unngå smittespreiing, men no ser styret lys i tunellen og håper det blir litt meir fart etterkvart.


Startar sesongen 20. mai – litt på etterskot

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2021

Torsdag 20. mai opnar Svinviks Arboret for ny sesong.  Det er litt seinare enn vanleg, med rododendronblomstringa er nok litt forsinka på grunn av den siste snøen og kalde netteer i april og hittil i mai.  Men da reknar vi med å gå direkte inn i høgsesongen, seier Maja Frønes som er leiar for arboretet. 


Stangvik – No blir leilighetene lagt ut for sal

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mai 2021

Stangvik Boligutvikling er no komne inn i ei ny fase, og er klare for å starte salet av dei 10 leilegheitene som er planlagt det tidlegare aldersheimbygget i Stangvik. Det fortel Bjørn Kristian Brøske, som er dagleg leiar for selskapet. Etter at Stangvik Boligutvikling kjøpte bygget har det vel og lenge vore drive planarbeid med tanke på å utvikle bygget til fleire sjølvstendige bueiningar som kan seksjonerast og tinglysast kvar for seg.  No er det altså klart for å starte salsarbeidet.


Rossåa Settefiskanlegg – Smoltutsetting i Toåa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. mai 2021

I dag gjennomførte Statkraft, gjennom Rossåa Settefiskanlegg, det årlege pålagte smoltutsettet. Dette pålegget er ein konsekvens av reguleringar av Toåa i samband med kraftutbyggingar, og som har pålagt Statkraft å sette ut 2500 smolt i Toåa kvart år. Utsettinga av smolten vart gjort ved steinutgarden ved Toåa, mellom Trudvang og Peøya. Det nøyaktige talet på smolt som vart utsett i dag var 2508 stykker. 


Vi gler oss til å ta imot dei første gjestane

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mai 2021

På Todalshytta har det vore full aktivitet heile etterjulsvinteren, og jammen vises det både her og der at det har foregått ei vesentleg oppgradering av heile hytta – eller Phillips Lodge som Arve Evensen  kaller  kaller det. Han tykkjer det har vorte så fint her at det blir litt meir andektig å kalle det for Phillips Lodge.  Både Arve Evensen og kokken Kalle Kopponen gler seg til å opne hytta for publikum, slik at dei både får sjå kor fint det er og smake maten som Kalle har å by på.  Alt på fredag har dei tenkt å opne dørene for publikum, og inviterer på ein slags softopning så tidleg i sesongen.


Dugnad i Båthølen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. mai 2021

Måndag 10.mai klokka 18:00 blir det arrangert dugnad i Toåa tursti ved Båthølen. Per E. Gjeldnes Maskin har levert eit gruslass som mellom anna skal brukast for å betre tilkomsten til platten for rullestolbrukarar. Resten av gruslasset skal brukast på forskjellege områder rundt gapahuken i Båthølen. Det skal og takast ned nokre tre langs turstitraseen.