VM i Andorra: Erik sikra seg finaleplass, men fikk ikkje gå! – OPPDATERT
Det vart ein litt dramatisk dag for Erik Kårvatn under randoneé-VM i Andorra. Det gikk som smurt for Erik i både kvalifisering og semifinale, og sikra seg dermed finaleplass i dagens sprint. Men før start var det kontrollveging av ski, og da vart den eine skia til Erik funne 10 fattige gram for lett. Dermed vart han nekta å delta i finaleheatet.