Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen.no – innkalling til årsmøte

Stig Husby Måndag 1. mars 2021

Det nærmar seg årsmøtetid for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte torsdag 18. mars kl. 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saksliste står det vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon ønsker saker behandla på årsmøtet må dette sendast skriftleg til stighusby@msn.no innan 10.mars. 

Oppdatert sakliste kjem ei veke før årsmøtet (11.mars).

Nytt av året er at årsmøtet vil bli gjennomført digitalt på Teams. Styret i Todalen.no tek ingen sjanser, og vel digital gjennomføring i år. Vi vil difor komme til å sende ut deltakarlink i forkant av møtet. Link til møtet blir lagt ut saman med fullstendig sakliste 11.mars. 

Vi håpar på god deltaking frå medlemane i Todalen.no.

Publisert: 1. mars 2021, 19:22