Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

ALTI Forvaltning inngår samarbeid med Vestnes Brygge

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. mars 2021

I ei felles pressemelding frå ALTI Forvaltning og Malme AS, blir det kunngjort at ALTI Forvaltning og Malme AS inngår avtale om utvikling og forvaltning av Vestnes Brygge. Vestnes Brygge ligg sentralt plassert i Vestnes, midt mellom Molde og Ålesund. Vestnes har eit kompakt sentrum med mange butikkar i gåavstand. Vegg i vegg med senteret ligg Sport!, Europris og Bunnpris, forutan fleire leilegheitskompleks, treningssenter og båthamn. Avtalen som er inngått tredde i kraft 1.mars, altså frå i går. 

Adm. dir. i ALTI Forvaltning, Lars Ove Løseth. Foto: ALTI

Vestnes Brygge opna døreni i 1988. Dei siste 30 åra har senteres vore gjennom fleire utvidingar, og det siste byggetrinnet stod ferdig i 2011, eit flott glassbygg over gågata i sentrum som blir kalla Bryggetorget. Bryggetorget fungerer i dag som ein marknadsplass for lokale mat- og husflidsprodusentar, og er eit samlingspunkt for ulike aktivitetar og arrangement.

Dagleg leiar i Malme AS, Roger Malme. Foto: Malme AS

Senteret er på 7500 kvadratmeter. Det er 23 leigetakarar innan handel, frisør, helse og velvære, forutan forskjellege servicebedrifter. Heile pressemeldinga frå ALTI Forvaltning og Malme AS kan du lese ved å trykke på lenka: Pressemelding Vestnes Brygge

Senterleiar for Vestnes Brygge, Kathrine Klokset, Foto: Malme AS

 

Publisert: 2. mars 2021, 10:16