Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2018

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Mio, min Mio

Steinar Hasselø Laurdag 20. oktober 2018

Astrid Lindgrens eventyrlige klassiker blir framført på Surnadal kulturhus søndag 28. oktober. MIO, MIN MIO er historien om den foreldreløse gutten som blir prins Mio. En storslått og vakker fortelling som vekker tanker om livet og døden, det gode og det onde og om kjærlighetens makt.


Full trøkk med lokal handel heile dagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2018

Den nasjonale nærbutikkdagen vart skikkeleg markert laurdag – med full trøkk både på drivstoffpumpene, i kassa og ikkje minst i kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake. Folk har både handla og kosa seg, og treft både naboen og folk som dei ikkje har treft før. Og sjølvsagt har nærbutikken vore tema – og kor stor betydning det har at vi har ein nærbutikk tilgjengeleg.


HalsOil inviterer til lokal sjokkpris på drivstoff

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2018

Som tidlegare meldt inviterer Matkroken Todalen til kaffeslabberas på den nasjonale nærbutikkdagen i morgon laurdag. Da blir det også ei prisbombe med drivstoffprisar som vi berre kjenner frå 1900-talet – kr 12 pr liter både for bensin og autodiesel.


Mølledrift sidan 1500-talet

Elinor Bolme Torsdag 18. oktober 2018

Det vart eit både hyggeleg og lærerikt møte då Senioruniversitetet 17/10-18 besøkte Røv Mølle, og dei 26 deltakarane avslutta orienteringa med å få servert både bygg-graut, kaffe og kake – og omvisning. Mange av oss køyrer forbi mølla neste dagleg, men dei færraste har vore innom dørene, og enda færre har innblikk i den spennande mølledrifta som Lina og Tove Mogstad i dag står i spissen for.


65pluss – Taklar du venstresvingen skikkeleg?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Er du verdsmeister og kan alt om bilkjøring, så treng du ikkje lese dette! Historia handlar nemleg om oppfriskingskurs for bilførere over 65 år. Bilbruk er nemleg eit viktig bidrag til eldre sin livskvalitet. Statens vegvesen inviterer derfor alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs som går over to dager. Næraste kursstaden her er Sunndalsøra, og neste kurs er 21. – 22. november. Der kjem du heilt sikkert til å få deg ei aha-oppleving, og den er berre positiv!


Søndag: Strømutkopling i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Førstkomande søndag (21.10) blir det straumutkobling før naudsynt vedlikehaldsarbeid på straumnettet, melder Svorka Energi.  Det skjer på strekninga Melhus – Kårvatn i tidsrommet 9.00 – 16.00. Dersom du har spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.


Merkur – årets store og lokale handledag

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. oktober 2018

Merkurprogrammet og handelsdepartementet er initiativtakarar til årets store handledag. Det dreier seg enkelt sagt om å informere om kor viktig nærbutikken er for å skape levande bygder. Merkurprogrammet sørger for behovsprøving av driftsstøtte og investeringsstøtte for nærbutikkar som ligg meir enn 25 km frå næraste konkurrent og som har ein viktig funksjon for å gjera bygdene livskraftige. Laurdag 20. oktober blir det eit skikkeleg kaffeslabberas på Matkroken Todalen, med servering av gratis kaffe og blautkake frå kl 10 og utover så langt det rekk….!


Fulltreff under elgjakta

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Talgø jaktlag er denne veka i Bindal på elgjakt, og har der opplevd travle dagar i terrenget. Dei har skote ein elg på søndag, to på måndag og heile fire elgar i dag på onsdag, og no er kvota full. Ivar Hyldbakk, som er jaktleiar, har sendt oss eit bilde frå jakta i Bindal, der Ola Talgø poserer med ein 12-takker dersom vi har rekna rett. No håpar dei å få «påfyll» på kvoten frå Plahtes eiendommer, slik at dei kan jakte vidare.


Asfaltarbeid – lurt å beregne ekstra tid

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Asfaltarbeidet er i gang på FV670 i Lykkjebygda. Arbeidet har starta frå museet på Åsen, og dei jobbar seg nedover i retning Kvanne. Trafikken forbi anleggsområdet er regulert puljevis – og blir losa forbi med følgebil.


Saknar sauer og lam i området rundt Vassnebba…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Arne Drøpping frå Drøppingstranda saknar enno nokre sauer og lam. Dei har mellom anna vore observert i området ved Ansnessetra no i haust, og han lurar no på om nokon har sett dei i området frå Rambjøra og innover til Ørsalsetrene – eller andre plassar?


Songkveld på Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Surnadal Normisjon inviterer til songkveld med dei populære musikarane frå Levanger. Det skjer på Eidet bedehus fredag 19. oktober kl 18.00 – Svein Gjære er musiker og pianist med eigne komposisjonar av nye og eldre songar, til dømes kveldssalmen «Denne dagen er til ende»


Kløvertur med gebursdagssong og kringle!

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. oktober 2018

Hurra for den som fyller sitt år, ja ho vil vi gratulere! Hipp, hurra for Jenny som fyller 97 år i dag! Sjølv om ho ventar kaffegjester utover dagen, stilte ho på Kløverrusletur og gjekk heile runden om bustadfeltet før det vart pause i solveggen.