Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fulltreff under elgjakta

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Talgø jaktlag er denne veka i Bindal på elgjakt, og har der opplevd travle dagar i terrenget.  Dei har skote ein elg på søndag, to på måndag og heile fire elgar i dag på onsdag, og no er kvota full.  Ivar Hyldbakk, som er jaktleiar, har sendt oss eit bilde frå jakta i Bindal, der Ola Talgø poserer med ein 12-takker dersom vi har rekna rett. No håpar dei å få «påfyll» på kvoten frå Plahtes eiendommer, slik at dei kan jakte vidare.

Er det fleire som har gode bilder frå jakta, så tek vi gjerne i mot med tanke på publisering på nettsida vår.

Publisert: 16. oktober 2018, 19:53