Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2018

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Nok ein leiteaksjon i nattmørket i natt

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

Lensmannsvakta i Surnadal fikk ikkje mykje ro i natt. Ikkje før var dei kome heim frå aksjon ved Talgøsetra så «tikka det inn melding» om sakna saueleitar i Romådalen – eller nærare bestemt i området mellom Rognnebba, Fruhøtta og Peikhøtta, fortel politibetjent Per Gjeldnes. Der var det 1 meter snø, og da sjølvsagt dårleg føre både for saueleitarar og sauer. Og herfra er det heller ikkje så lett å få kontakt med omverden.


Vart overraska av mørkret

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

Nokre utenlandske turistar på fottur i retning Bjøråskaret måtte måndag kveld ha assistanse for å finne vegen nedatt.  Dei hadde starta frå Innerdalsmerket og gått etter turistlina i retning Bjøråskaret. På turen nedatt kom nok haustmørkret litt fort på, og dei mista kontakten med den merka stien (turistlinja frå Innerdalsmerket til Innerdalen). Etter kontakt med […]


Berre smular til samferdsel i Møre og Romsdal

Jon Olav Ørsal Måndag 8. oktober 2018

I dag er det nok dent nye statsbudsjettet for 2019 som har vore det store samtaleemnet. For Møre og Romsdals del er ikkje det så mykje å skryte av og spesielt ikkje på samferdselssektoren. Ordførar Lilly Gunn var rett og slett frustrert på Møre og Romsdals vegne – berre 20 mill. til nye vegar, men ho tykte det var positivt at den posten i sin heilhet gikk til E39 på strekninga Betna – Stormyra da om enn sterkt forsinka.


Søndag 21. oktober kjem vi på døra di

Jon Olav Ørsal Måndag 8. oktober 2018

Søndag 21. oktober er det klart for ein ny, stor nasjonal dugnad  –  TV-aksjonen «Mindre alene sammen», som samlar inn pengar til Kirkens Bymisjon og deira store satsing som er ein dugnad for fellesskapet.  For dei som manglar ei seng å sove i og som kanskje står utafor både arbeidslivet og familielivet og det sosiale […]


Talgø blir majoritetseigar i Tradbo

Jon Olav Ørsal Måndag 8. oktober 2018

Som eit ledd i vidare utvikling i konsernet kjøper Talgø 75 % av aksjane i entreprenørfirmaet Tradbo As frå M. Romuld & Sønner AS. Talgø vil med dette kunne tilby totalentreprise i samband med levering av elementbygg frå eigen elementfabrikk, og med Tradbo som utførande entreprenør, skriv Talgø Invest i ei pressemelding.


Indre Nordmøre Forsvarsforening inviterer til temamøte

Elinor Bolme Måndag 8. oktober 2018

Indre Nordmøre Forsvarsforening arrangerer ope møte 22. november. Lars Rognan frå organisasjonen Folk og Forsvar kjem og held foredrag om matsikkerhet, nettsikkerhet og falske meldingar, og det blir servering av kaffe og vaflar med tilbehør.


«Nå Ækte» på Surnadal kulturhus

Steinar Hasselø Sundag 7. oktober 2018

Du hører han på riksdekkande radio kvar einaste dag. No kjem han også «heim» med fullt band! Jo Sverre syng «kvalitetspop med refrenger som lurer seg uungåelig inn i hjernen», skreiv Adresseavisen.



På utror og messedeltaking i Bergen

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2018

Denne helga er det tradisjonell messe for salg av sportsutstyr i Grieghallen i Bergen. Det er Kårvatn Handelskompani som har delteke på salsmessa til Platoubutikkane som dei er leverandør eller rettare sagt grossist. Til saman har det vore rundt 12.000 besøkande innom Grieghallen på fredag og laurdag, og Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset som har representert firmaet der kan rapportere om bra besøk på standen og godt sal av ski.



Snart klart for litt dugnadsarbeid til turstien

Elinor Bolme Fredag 5. oktober 2018

Onsdag kveld var prosjektgruppa i Toåa Tursti på ny befaring. Denne gongen saman med fleire berørte grunneigarar, entreprenør Per Gjeldnes og prosjektgruppa. Prosjektet er no inne i fasen med å få ein godkjent tippemiddelsøknad, kor Todalen IL er søkar. Då må alle tenkte kostnadar være dokumentert og godt planlagt, og denne kvelden var det deler av arbeidet med tilrettelegging av den planlagte turvegen frå Bønnavollen og ned til Båthølen, samt plassering av gapahuken som var på agendaen.


«Dagens trippel»

Steinar Hasselø Torsdag 4. oktober 2018

Surnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.