Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart klart for litt dugnadsarbeid til turstien

Elinor Bolme Fredag 5. oktober 2018

Onsdag kveld var prosjektgruppa i Toåa Tursti på ny befaring. Denne gongen saman med fleire berørte grunneigarar, entreprenør Per Gjeldnes og prosjektgruppa. Prosjektet er no inne i fasen med å få ein godkjent tippemiddelsøknad, kor Todalen IL er søkar. Då må alle tenkte kostnadar være dokumentert og godt planlagt, og denne kvelden var det deler av arbeidet med tilrettelegging av den planlagte turvegen frå Bønnavollen og ned til Båthølen, samt plassering av gapahuken som var på agendaen.

Søknadsprosessen er omfattande, der alle berørte partar blandt anna lyt ha signert leigeavtaler med Idrettslaget. I tillegg må grunneigaravtalene kor gapahuken. skal stå tinglysast. Alt dette er no så å seie på plass, kunne Michal Heimlund fornøgd fortelje. -«Nesten» berre oppmåling og endeleg kostnadsoverslag er igjen.

Michal Heimlund (tv) som har ansvaret for søknadsprosessen for Toåa Tursti orienterte om kvar stien er tenkt lagt. Per Gjeldnes og Carsten Bohle følgjer med langs åkerkanten, medan Ståle Ansnes og Ola Røe kjem i sti-trasséen.

Per er også innleigd av grunneigarane og leigetakaraane som deler bytet i Båthølen for å jamne ut den eksisterande krattkanten som ligg litt i brakk no. Når han tek til på dette arbeidet vil han samstundes sjå om han kan tilretteleggje for plasseringa av gapahuken ved elvekanten i Båthølen.

I Båthølen kom også grunneigar Ola Kvendset for å delta på resten av turen nedover mot Halsabrua. Ola Røe (frå høgre) var med som Surnadal Jeger og fiskeforening sin representant. Ståle Ansnes og Nils Ove Bruset er vorte del i den utvida prosjektgruppa som arbeider med Toåa Tursti. Grunneigarane Jon B Husby og Anders Talgø i bakkant.

Elva er på sitt aller største no, og Per Gjeldnes vurderer lokasjonen for gapahuken som skal opp i området. I og med at denne skal være universell utforma må adkomst for rullestol vere tilrettelagt, samtidig som høg vannstand lyt medreknast.

Om ikkje alt for lenge vil dugnadsarbeidet med rydding av skog frå Bønnavollen og ned til Båthølen starte. Da vil det bli behov for både motorsagførarar, kvistdragarar og kaffekokarar. Noko for ein kvar som vil være med å bidra til glede og nytte for bygda.

 

Først publisert: 5. oktober 2018, 04:27 - Sist oppdatert: 4. oktober 2018, 22:13