Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Dagens trippel»

Steinar Hasselø Torsdag 4. oktober 2018

Surnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.

SMALLFOOT (tillate for alle) vil ha premiere fredag 5.oktober. I denne animasjonsfilmen meiner ein yeti (altså ein «avskyeleg snømann», eller «Bigfoot») at han har sett ein liten skapning – noko som skremmer dei andre yetiane når han fortel om det. Filmen er med norsk tale.

Ein bør likevel bli langt meir skremt av Marvel-figuren VENOM (12 år), som også har premiere denne helga. Ved eit uhell blir ein journalist, spelt av Tom Hardy, infisert av noko som kan ta over kroppen hans og gjer han da både sterk og, ja, ikkje særleg «fintfølande».

Elles vil kinoen vise KRISTOFFER ROBIN OG OLE BRUMM (6 år), MÅNELYST I FLÅKLYPA (for alle), JOHNNY ENGLISH STRIKES AGAIN (6 år), BATTLE (for alle, men passar helst for ungdom), DE UTROLIGE 2 (6 år) og SKJELVET (15 år) i den komande veka.

For detaljert program gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/program/#kino 

 

 

Publisert: 4. oktober 2018, 22:16