Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saknar sauer og lam i området rundt Vassnebba…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Arne Drøpping frå Drøppingstranda saknar enno nokre sauer og lam. Dei har mellom anna vore observert i området ved Ansnessetra no i haust, og han lurar no på om nokon har sett dei i området frå Rambjøra og innover til Ørsalsetrene – eller andre plassar?

Han skriv i ein e-post til Todalen.no: 
«Eg bur på Drøppingstranda og sauene blir meir og meir glad i Todalen. Har hatt mange leiteturar, og 15. okt fekk eg med nesten alle. Men ein sau med 2 lam er enda att. Eg såg dei saman med andre på Ansnessetra 7. oktober. Men dei var ikkje i lag med same flokken da eg henta dei mellom Ørsalsetrene og Vassnebba 15. oktober. – Dette var elles ein fin dag i fjellet med sol, nysnø og store elvar – dagen før var det 23 grader. Glad for tips frå jegerar og turgåarar tlf. 997 15 937.  Helsing Arne Drøpping

Publisert: 16. oktober 2018, 12:34