Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

65pluss – Taklar du venstresvingen skikkeleg?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Er du verdsmeister og kan alt om bilkjøring, så treng du ikkje lese dette!  Historia handlar nemleg om oppfriskingskurs for bilførere over 65 år. Bilbruk er nemleg eit viktig bidrag til eldre sin livskvalitet. Statens vegvesen inviterer derfor alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs som går over to dager. Næraste kursstaden her er Sunndalsøra, og neste kurs er 21. – 22. november. Der kjem du heilt sikkert til å få deg ei aha-oppleving, og den er berre positiv!

Korleis skal du kjøre i rundkjøringa? Dette temaet var grundig gjennomgått, og jammen «klårna det opp» hos kursdeltakarane. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Arild Johnny Stølen frå Torjulvågen (han presenterte seg rett nok som «tylvåging») som er kursleiar, og han er rett og slett eit unikum til å formidle kunnskap om trafikkreglar og bilkjøring. Han fortel at kurset slett ikkje har til hensikt å måle førareigenskapane dine, men berre gjera deg meir bevisst på situasjonar der du kan møte ekstra utfordringar.  Stølen nemner situasjonar som skaper pressa situasjonar, større fart, større trafikkmengde og gamle vanar som god grunn til å bli med på kurset.  Tema er også helse i samband med bilkjøring og mange andre nyttige tema.

– Eit av måla med kursa vi i Vegvesenet er opptekne av er å nyttegjera oss dine erfaringar og kunnskaper,  for å bringe dette vidare. I tillegg vil vi at dere skal være på vegen så lenge som muleg – og vare forbilder for andre trafikkantar, både eldre og yngre, seier Stølen.  – i tillegg vil vi tilføre kursdeltakarane sjølvtillit og gje ein bekrefting på at dere kan utruleg mykje om trafikk og bilkjøring.

Vi hiva oss på og deltok på det kurset som gikk denne veka og det var heilt uttruleg kor mykje ein rakk å kome gjennom på to korte dagar. Stølen gjorde dette stoffet interessant, og klarte å halde kursdeltakarane i ånde på ein veldig fin og artig måte. Her får du også lære kvifor venstresvingen er så farleg og kvifor det er «venstresvingen» som skapar flest ulykker!

Som sagt går neste kurs på Sunndalsøra 21. – 22. november og det er berre å hive seg på.  Kurset er gratis og alle over 65 år kan bli med. Du kan melde deg på telefon 815 35 080 eller på nettet:  https://www.vegvesen.no/forerkort/har-forerkort/Bilforer65pluss/meld-deg-pa-kurs 
– og du kan gjerne melde på og ta med deg ein nabo, familie eller venner!

Det var ein skikkeleg 2-veis dialog mellom kursleiar og kursdeltakarane. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. oktober 2018, 17:15