Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkveld på Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Surnadal Normisjon inviterer til songkveld med dei populære musikarane frå Levanger. Det skjer på Eidet bedehus fredag 19. oktober kl 18.00 – Svein Gjære er musiker og pianist med eigne komposisjonar av nye og eldre songar, til dømes kveldssalmen «Denne dagen er til ende»

Svein Volle er ein mykje brukt barytonsolist og korleiar som vil forkynna evangeliet i ord og tonar. Vi får også besøk av munnspelvirtuos Ola Bræin, godt kjent på Nordmøre, som vil dela sine vakraste salmetonar i ord og musikk. Han gir og glimt frå sin fars historie og imponerande samlearbeid. Sokneprest i Surnadal Vidar Rygh held andakt og deler Guds ord med oss.

Og så skal vi ha god servering og hyggeleg fellesskap. Gratis inngang, med høve til å støtta Normisjons arbeid, og alle velkomne, melder Surnadal Normisjon.

Publisert: 16. oktober 2018, 09:36