Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur med gebursdagssong og kringle!

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. oktober 2018

Hurra for den som fyller sitt år, ja ho vil vi gratulere! Hipp, hurra for Jenny som fyller 97 år i dag! Sjølv om ho ventar kaffegjester utover dagen, stilte ho på Kløverrusletur og gjekk heile runden om bustadfeltet før det vart pause i solveggen. Men som ho sa, eg får da god hjelp med kaffelaget i ettermiddag.

Triveleg med kaffelag og god prat. Foto: Dordi J H

Etter ei natt med styrtregn klårna det opp, og vi starta dagens Kløvertur i finver. Men det var igjen nysnø på toppane etter at det meste av nysnøen frå førre veke, hadde smelta i varmen i helga. Det var base ved Sanitetshuset, og så vart det turar i ymse retningar. Somme gjekk oppå Løfta, andre tok ein luftetur langt oppver lia, medan resten heldt seg nede på flata med runde rundt bustadfeltet eller tok med ein ekstrarunde ut på Småbåthamna.

Fint ute ved Småbåthamna! Eli, Kitty og Ingeborg. Foto: Dordi J H

Så vart det nysnø i Rambjøra igjen. Spreke damer på tur! Foto: Dordi J H

Vi kosa oss i finveret ved Sanitetshuset, og etter kvart vart det kaffelag med kringle, graut og bakels. Sjølvsagt vart det gebursdagssong og hurrarop for Jenny og 97-årsdagen hennar! Jenny var fødd på Tustna i 1921, men kom til Todalen alt i 1939 da ho hadde fått jobb hos Inger og Olaf Talgø på Talgøgarden. Men frå 1948 har ho budd på Kvennsetgarden og der har ho det bra. Jenny  har no ein stor og god familie med både barnebarn, oldebarn og tippoldebarn!

Neste måndag blir det Kløvertur frå redskapshuset på Talgø og innover skogsvegen.

Fin dag! Frå venstre: Ingrid, Jenny, Ingeborg, Eli og Kitty. Foto: Dordi J H

Klar til avgang! Foto: Dordi J H

Publisert: 15. oktober 2018, 15:42