Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2016

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Fleirkulturell adventsstund

Elinor Bolme Måndag 5. desember 2016

Kyrkja i Surnadal ønskjer velkommen til ei fleirkulturell adventsstund på Kyrkjelydshuset på Skei onsdag 7. desember klokka 18. Her blir det tenning av adventslys, synging av julesongar og lesing av juleevangeliet.


8 deltok på sjakk på Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2016

Handelsmann Nordvik inviterte til sjakk på Matkroken – rett og slett ein heilt uformell sjakk-kveld, berre for å spele mot kvarandere. Det er ei lita oppfølging av sjakkturneringa som vart arrangert i fjorvinter og med finale i ungdomshuset.


Gøran kjem med julelåt

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2016

Det er både ei artig og seriøs sak, og er ei låt som omhandlar stemninga og opplevinga med juletrefest i Dønnem Bedehus. – Gøran har fanga inn mange detaljar frå desse juletrefestane han syng om sin barndom her – samtidig som det er ein liten hyllest til Magnhild på pianoet.


Jul på Nordmøre

Dordi Jorunn Halle Sundag 4. desember 2016

I år kjem det ingen rundt i heimane i Todalen for å selje «Jul på Nordmøre» slik som brukvisen har vore i mange år. Men no er dette tradisjonsrike juleheftet til sals hos Matkroken, Todalen. «Jul på Nordmøre» kjem ut for 81. gong, og leiaren i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, kallar det ein kulturinstitusjon.


Rute 46 Kvanne – Rykkjem – normal drift frå 19.30

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2016

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Grunna tekniske problem er alle avganger i tidsrommet fra Kvanne kl 16.00 til 20.45 fra Rykkjem kansellert i dag 3. desember, melder Fjord1. Fjord1 melder no om normal drift!


Inviterer til julegudsteneste i Nidarosdomen

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2016

Indre Nordmøre Forsvarsforening har tradisjon for å dra til Trondheim for å delta på Forsvarets julegudsteneste i Nidarosdomen. Iår arrangeres Forsvarets julegudsteneste onsdag 14. desember kl. 1100, og alle som har lyst er velkomne til å delta – både medlemmer og ikke-medlemmer.


Stangvik historielag med nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2016

Stangvik historielag er svanger med eit nytt, flott årsskrift med heile 64 sider med lokalhistorie mellom permane. Årsskriftet er allsidig lesnad, og har henta stoff frå mange hendingar og forskjellige fagområde. Her vil nok alle finne noko som er interessant å lese om.


Bygdebok til julgåve…

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2016

Er du ikkje ferdig med julegåvene enda? Folk frå bygdebokprosjektet i Surnadal vil laurdag, vera på plass på Coop på Skei mellom klokka 11.00 og 16.00 for å selje den nye bygdeboka for området Åsbøen til Kårvatn. I tillegg vil det bli boksalg same tid og stad laurdag 10. desember  og same stad måndag 12. […]


Uformell sjakk i Kaffekroken…

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2016

Førstkommende søndag, frå kl 19.30 og eit par timar  utover, held «kaffekroken» på Matkroken åpent for helt uformelt sjakktreff for den som har lyst.  Ta med brett og kom, så kan vi spelle mot kvarandre eit par timar. Kun uformelt og ikke organisert på førehand. Reknar med at mange har lært seg nokre triks av «Magnussjakken» under […]


Brøytesesongen er i gang – mykje blaut snøslaps

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2016

De siste par dagane har vi fått ein liten forsmak på julesnøen – ikkje så mykje, men den har vore blaut og våt. Den erfaringa har også brøytarane gjort seg, men sesongdebuten har gått bra. Ny farge har vi fått på brøytebilen også – frå 1. september tok Mesta over vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegane etter Veidekke, og dermed vart det ny farge på brøytebilane og nye brøytebilsjåførar.


Telia mobil var ute av drift i fleire timar

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2016

I føremiddagstimane har Telia mobil (tidlegare NetCom) vore ute av drift i Todalen – Nettet var i fleire timar heilt utan signal, og kabelbrot skal være årsak til problema. Fredag ettermiddag kom Telia på nett igjen, og problema ser ut til å være løyst for denne gong.  Telenors nett var ikkje berørt av prolema.  


Kortreist kvalitetskultur på sitt beste

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2016

Elg & Co introduserte konserten sin i Stangvikkyrkja som kortreist kvalitetskultur. – Og jammen skulle du stå godt i mot dersom du ikkje skulle få julestemninga innover deg under konserten i går kveld. Med skikkeleg ruskvêr ute og vindkast som røska tak i kyrkja vart det litt ekstra julestemning, sjølv om det også gikk ut over temperaturen.