Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kortreist kvalitetskultur på sitt beste

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2016

Elg & Co introduserte konserten sin i Stangvikkyrkja som kortreist kvalitetskultur. – Og jammen skulle du stå godt i mot dersom du ikkje skulle få julestemninga innover deg under konserten i går kveld. Med skikkeleg ruskvêr ute og vindkast som røska tak i kyrkja vart det litt ekstra julestemning, sjølv om det også gikk ut over temperaturen.

elgkonsert_instrument_6938

Elg & co – kortreist kultur med kvennalandingen Inge Bævre på gitar, lengst til venstre. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er heilt utruleg kva det går an å få til med nokre gitarer og eit par slagverk, men det hjelper på med ein god persjon songstemme og ypperleg gitarspell. – Da blir det bra, og bra vart konserten «Jul for aille».  Favoritten vart kanskje eit av dei siste numra – O helga natt, – men Silent night kom hakk i hel.  Men frå eit rikhaldig repertoar var det noko for ein kvar smak: – Jul hos aille, Julekveldsvisa, det lyser i stille grender, Happy Xmas, Long desember, Storm, Winterwonder, Julesalme, Har du fyr, Why me lord, Stjernesludd, Fairytale, Christmas song, Gud hjælp mæ, Solsnu, o helga natt og silent Night…..

Det var bra med publikum,  og dei fekk full utteljing for billettprisen.  – og kortreist var nok kulturen i høgaste grad, da alle aktørane kom frå Kristiansund, men trur vi skal kreditere Kvennalandet og Todalen for gitaristen Inge Bævre og kona Inger Lise Bøe som var solist. Elles deltok Elg,  Kyrre Sætran, Eivind Gjelberg, Trond Helge Johnsen og Bjørn Jenssen. Godt levert folkens!

No går turneen vidare til resten av fylket, med Sunndal som første stopp måndag 5. desember.

elgkonsert_stangvik_oversikt_6941

Bra med publikum under konserten i Stangvik kyrkje – og dei fekk valuta for pengane! Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 2. desember 2016, 10:02