Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

8 deltok på sjakk på Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2016

Handelsmann Nordvik inviterte til sjakk på Matkroken – rett og slett ein heilt uformell sjakk-kveld, berre for å spele mot kvarandere. Det er ei lita oppfølging av sjakkturneringa som vart arrangert i fjorvinter og med finale i ungdomshuset.

sjakk2_6963

Her spekuleres det – nærast sitt Sigurd Talgø og Bernt Venås, og attafor er det Ottar Halle som spelar mot Anders Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ikkje noko stemning for å lage liknande turnering i komande vinter, men derimot var stor stor interesse for å ha samlingar i Kaffekroken på butikken og berre spele kampar mot kvarandre.  Slike kveldar blir det nok meir av utover vinteren, og vi på Todalen.no kjem til å legge ut info om kva kveldar som er aktuelle.

Søndags kveld var det 8 fremmøtte, og da vi var innom ein snartur var 4 kampar i gang og full konsentrasjon.  – Og til pausen stod det og venta ei flott blautkake til kaffen, og det var vel belønning for frammøte.

sjakk3_6964

Brørne Ståle og Bjørn Gunnar Ansnes avgjorde kampen og gikk over til kaffe og blautkake i staden. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. desember 2016, 22:38