Indre Nordmøre Forsvarsforening har tradisjon for å dra til Trondheim for å delta på Forsvarets julegudsteneste i Nidarosdomen. Iår arrangeres Forsvarets julegudsteneste onsdag 14. desember kl. 1100, og alle som har lyst er velkomne til å delta – både medlemmer og ikke-medlemmer.
Avreise med ein av bussane til Lars Olav Stenberg frå Skei (Kulturhuset) kl. 0800. Etter julegudstenesta køyrer vi opp til Persaunet (Tregården). Julelunchbuffet med varme og kalde retter m/ dessert – kr. 345,- pr. pers. – kostnad for buss kr. 600,- pr. pers. Påmelding innen torsdag 8. des. til Olav Jostein Holten tlf. 465 16 449 eller 932 86 821.
På heimesida til Indre Nordmøre Forsvarsforening kan du lese meir om turen til Nidarosdomem og om andre aktivitetar i foreninga.