Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gøran kjem med julelåt

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2016

Det er både ei artig og seriøs sak, og er ei låt som omhandlar stemninga og opplevinga med juletrefest i Dønnem Bedehus. – Gøran har fanga inn mange detaljar frå desse juletrefestane han syng om sin barndom her – samtidig som det er ein liten hyllest til Magnhild på pianoet.

Gøran Bolme har gått i studio hos DreamFarm og fått påspandert en produksjon av hans egen låt om akkurat Juletrefestene i Dønnem Bedehus, Øvre Surnadal. Og denne julesongen er nok komen for å bli, men aller først blir det ein presentasjon i Sagatun den 11. desember, der det også skal bli barneteater. Da blir den lagt ut for streaming – eller nedlasting på godt norsk.

Publisert: 4. desember 2016, 20:45