Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brøytesesongen er i gang – mykje blaut snøslaps

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2016

De siste par dagane har vi fått ein liten forsmak på julesnøen – ikkje så mykje, men den har vore blaut og våt.  Den erfaringa har også brøytarane gjort seg, men sesongdebuten har gått bra.  Ny farge har vi fått på brøytebilen også – frå 1. september tok Mesta over vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegane etter Veidekke, og dermed vart det ny farge på brøytebilane og nye brøytebilsjåførar.mestabroytebil_6946

Mesta har brøytebilar sjølve, og denne sesongen er det Anton Brusethaug og Nils Henry Hunnes som deler brøytejobben innover til Todalen.  Strekninga dei har ansvaret for går frå Todalskrysset og innover til Todalsøra på FV 671. I tillegg bryter dei rundt bygda, frå Kvennset til Bruset på FV323 og frå Bruset til Halsabrua på FV324 – totalt ei strekning på 21 km. På desse strekningane er det Anton og Nils Henry som er ansvarleg for både brøyting og strøing av vegen.

Dei to deler døgnet i 2 og har 12 timers vakter, og dei to har kontrakt med Mesta ut april månad 2017 – og da skal vel det meste av snøbrøytinga være ferdig for sesongen, seier Anton før han setter seg bak rattet og er klar for ein ny runde – det siste døgnet har har sitte bak rattet på brøytebilen i 9,5 timer, og er snart ferdig med si 12-timers vakt.

Obs! varsel på Yr.no melder meir regn og sludd gjennom natta laurdag og tildels stor nedbørsmegdar laurdag ettermiddag og søndag i form av regn.  – Så det gjeld å ha opne stikkrenner folkens!

 

Publisert: 2. desember 2016, 20:29