Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2016

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


På utstilling hos KunstLab i Finstua

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2016

Årets kull på Nordmøre Folkehøgskule syng på siste verset. Til neste helg er skuleåret slutt, og kunstlinja – eller KunstLab – som dei kallar seg avsluttar skuleåret kunstustilling i Finstua på kulturhuset. Utstillinga opna fredag kveld, og er opa fram til 13.5 – altså ei veke. Som seg hør og bør vart opninga feira med «champagne» og kulturinnslag.


Det blømer i Romålia…

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Jon Bruset har vore ein tur i Romålia for å kike etter blomster i dag. I ein e-post skriv han at han håpa å finne hegg og liljekonvall i blomtring, men dei er nok litt forsinka på grunn av kalde netter i april. Men anna blomster fann han, og det var ingen mangel på kvitveis….


Blomster med lang tradisjon

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Maiblomsten har tradisjon heilt attende til 1909, og har nok vore tilbydd i Todalen sia 1916 når Todalen Sanitetsforening starta. Denne helga har Saniteten stand på Matkroken for tilby årets maiblomst i fleire variantar. Fredag føremiddag var det Karit Kvendset som tok sin tørn, men det blir folk der både i dag og laurdag, og inntekta går til arbeid for born og unge, fortalte Kari.


Legg helgeturen til sesongopninga i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Laurdag 07. mai kl. 11.00 opnar hageporten i Svinvika for årets sesong! I arboretet kan våren nytast i fulle drag. Mellom mektige bartre frå framande land kan du nyte synet av store rododendronar som alt no står i blomstring, eller dei meir beskjede primulaene som står og helsar vår og varme velkomen. Den som ønskjer å vite meir om korleis hagen har blitt til kan bli med på omvising, kl.13.00 både laurdag og søndag denne helga, inkludert i inngangsbillett.


Medlemsmøte i Pensjonistlaget

Elinor Bolme Fredag 6. mai 2016

SURNADAL PENSJONISTLAG har medlemsmøte tirsdag 10.5. kl 15.00 i møterommet på sjukeheimen. Solveig Haglund orienterer om «Kostholdet i kvardagen». Song og som vanleg musikk ved Oddmund Solem og Fredrik Sjøflot.


Seniorbesøk på Vaagland båtbyggeri

Elinor Bolme Torsdag 5. mai 2016

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre brukar årleg å ha ein tur til ei bedrift. Og seniorane har alltid blitt tatt i mot med stor velvilje. I år er det Vaagland Båtbyggeri i Halsa som er turmålet, onsdag 11.mai kl 1000 – ca 1200. Frammøte på parkeringsplassen framfor bedrifta!


«Hjemme»- med KunstLab

Elinor Bolme Torsdag 5. mai 2016

Fredag 6.5 kl. 18.00 åpner KunstLab utstilling i Finstuå på Kulturhuset i Surnadal. KunstLab er kunstlinja ved Nordmøre Folkehøgskule, og dei har produsert en utstilling kalt «Hjemme».


Dugnad i arboretet – klart for sesongstart

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2016

Onsdag kveld var det dugnad i arboretet for å klargjere til sesongopning som skjer komande laurdag kl 11. Dugnadsgjengen frå Surnadal hagelag, rundt 30 i talet, var rutinerte hagearbeidere og fikk raskt unna jobben og no er altså arboretet strigla og klar for å starte på ein ny sesong.


Elevane fikk god respons på 10-kaffen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2016

Elevane fikk god respons når dei inviterte besteforeldra og bygdafolket på 10-kaffe i Todalen oppvekstsenter. Dei hadde dekt på i gymsalen og det var gjestar rundt alle bord når tida var komen. Elevane hadde nok budd seg godt, for dei hadde laga eit songkor der dei fikk god hjelp av vikarlærar Gudmund husby som for høvet […]


«Alt er nå» – Asle Beck med todalslåt på Nitimen på torsdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2016

Låtskriverseminaret på Todalshytta i fjor sommer bærer stadig frukter. Denne gangen er det låten «Alt er nå» som får sin premiere i Nitimen på torsdag, forteller Eric Malling som er vertskap på Todalshytta til Todalen.no. Her er det ting på gang……


To sikre vårtegn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2016

Dugnad på kyrkjegarden og brannvesenets spyling av plassen mellom Matkroken og Talgø er to sikre vårtegn. Måndag kveld var det nærare 40 personar som deltok i kyrkjegardsdugnaden, og med slikt mannskap var dugnadsarbeidet unnagjort i løpet av eit par timar og kyrkjegarden er «strøken» til konfirmasjonen komande søndag 8. mai.


«Folkevandring» i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. mai 2016

Søndag første mai kom ny kode på plass i turkassen i Svinvikrunden. Det og det riktig så fine veret inspirerte nok mange til å ta ut på tur. Heile 133 namn vart noterte i boka! Det utan at det var noko som helst organisert opplegg. Rett og slett knallstart på ny StikkUT-sesong!