Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Legg helgeturen til sesongopninga i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Laurdag 07. mai kl. 11.00 opnar hageporten i Svinvika for årets sesong! I arboretet kan våren nytast i fulle drag. Mellom mektige bartre frå framande land kan du nyte synet av store rododendronar som alt no står i blomstring, eller dei meir beskjede primulaene som står og helsar vår og varme velkomen. Den som ønskjer å vite meir om korleis hagen har blitt til kan bli med på omvising, kl.13.00 både laurdag og søndag denne helga, inkludert i inngangsbillett.

Rododendron - foto: Surnadal museum

Rododendron – foto: Surnadal museum

I kafèen får du heimebakte kaker og anna godt, så her ligg alt til rette for ei god oppleving! Mange kombinerer også eit besøk i arboretet med Stikk-UT turen Svinvikrunden. Sesongen 2016 varer frå 07. mai til 07.august.

Opningstider:
Onsdag til og med søndag: kl. 11.00-16.00
Måndag og tysdag stengt.
NB! Opent heile pinsehelga, også måndag 16. mai, men på nasjonaldagen 17. mai held arboretet stengt

Meir informasjon:
www.nordmore.museum.no
facebook.com/svinviksarboret

Våren gjer sitt inntog i arboretet no Foto: Surnadal museum

IMG_3821

Ikkje berre blomster i arboretet! Foto: Surnadal museum

Publisert: 6. mai 2016, 09:17