Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad i arboretet – klart for sesongstart

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2016

Onsdag kveld var det dugnad i arboretet for å klargjere til sesongopning som skjer komande laurdag kl 11.  Dugnadsgjengen frå Surnadal hagelag, rundt 30 i talet,  var rutinerte hagearbeidere og fikk raskt unna jobben og no er altså arboretet strigla og klar for å starte på ein ny sesong.

Det var mykje lauv, rusk og rask rundt omkring i heile arboretet, og det eine trillebårlasset etter det andre hamna på kompostdungane rundt i arboretet. Sesongen i Svinviks arboret varer frå 7. mai til 7. august, og i denne perioden er det ope frå onsdag til søndag i tidsrommet 11 til 16. I juli månad har arboretet langope på onsdagar til kl 20. Her finn du meir info om Svinviks arboret og linkar til heimeside.

ElenoraBladh_9017

Blomstringa er enno i ei tidleg fase, men med varmen så kjem nok rododendronblomstringa i gang for fullt, seier Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagansvarleg i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Katarina Wedelsbäck-Bladh som er museumsbotaniker og fagleg ansvarleg i Svinviks arboret fortel at blomstringa i arboretet så smått er kome i gang, men er enno i ein tidleg fase på grunn av det kalde vêret vi har hatt i april. No er det imidlertid meldt mildare vêr og meir sol, og da vil nok blomstringa skyte fart etter kvart. Ho fortel at det er kome bestilling på mange gruppereiser som skal innom frå slutten av mai og utover juni måned, – så det blir nok ein travel sesong.

HildeStaveliSolli_9039

Hilde Staveli Solli har mykje godt å by på i arboretets kaffeteria. Foto: Jon Olav Ørsal

Hilde Staveli Solli som er ansvarleg for kafedrifta i arboretet var travelt oppteken med å lage mat til dugnadsgjengen, men ho håper på ein bra sesong og har mykje godt på menyen i arboretets kafeteria i sommar. – No gler vi oss berre på å kome i gang!

Bildeglimt frå dugnaden – rundt 30 deltok og vi har nok på langt nær klart å få med oss alle.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 5. mai 2016, 05:00