Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På utstilling hos KunstLab i Finstua

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2016

Morten Klami sørga for musikkinnslag under opninga av kunstutstillinga. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets kull på Nordmøre Folkehøgskule syng på siste verset. Til neste helg er skuleåret slutt, og kunstlinja – eller KunstLab – som dei kallar seg avsluttar skuleåret kunstustilling i Finstua på kulturhuset.  Utstillinga opna fredag kveld, og er opa fram til 13.5 – altså ei veke. Som seg hør og bør vart opninga feira med «champagne» og kulturinnslag.

Kunstutstillinga har dei kalla «Hjemme» og dei 7 elevane på KunstLab har tolka temaet på kvart sitt vis, og gjeve uttrykk for det i sine kunstverk, fortel Siri Skjerve som er læraren som har hatt linjeansvar for KunstLab. Ho anbefaler alle kunstinteresserte å ta turen innom kulturhuset og kunstutsillinga i Finstua.

Elevane kjem frå heile landet, både vest, øst, midt og nord i landet, men neste helg dreg dei altså kvart til sitt etter ein vinter i Surnadal. No blir det jobba hart for å få nok søkarar til ein ny klasse til neste år, seier Siri, som enno har for få søknader til neste år. Men det er enno ikkje forseint å søkje om opptak dersom du har lyst på eit år på folkehøgskule og ønskjer kunstfag som fordjuping. Meir info om kunstlinja finn du ved å følgje linken her.

GuroRiis_9083

Guro Riis hadde laga ein hyllest til alle tinga ho hadde flytta med seg på kvart einaste flyttelass – her saman med Siri Skjerve. Foto: Jon Olav Ørsal

BirteFolven_9082

Birte Molven Fjellro er andreårselev. Ho har teke utgangspunkt i korleis ein 20-åring kan skape ein heim i seg sjølv – om det å væra sårbar i ei verd av stadig nye impulsar der alt skal blottleggjast. Foto: Jon Olav Ørsal

Rektor_Rose_9087

Ei rose til kvar av elevane, eller rettare sagt utstillarane, frå rektor Kristian Lund Silseth. foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 7. mai 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 6. mai 2016, 22:48