Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2016

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


Storseier på Bordholmen

Elinor Bolme Onsdag 11. mai 2016

I kveld var det stor fotballkamp på Bordhomen mellom Søya/Todalen og Bøfjord/Bæverfjord i klassen G10. Resultatet er litt usikkert, men oppmann Bjørn Gunnar Ansnes antyder i etterkant ca 23-5 til Søya/Todalen.


Arkeologar granskar Øygarden bustadfelt…

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mai 2016

På bakgrunn av funn som vart gjort under skogrydding i det nye bustadfeltet på Nordvik, Øygarden bustad- og hyttefelt,  pågår det denne veka arkeologisk undersøking av området.  To arkeologar frå Fylkesmannen undersøker no om det kan være spor etter busetting fra steinalderen i feltet. Det er Eirin Husby Frey og Heidi Altoft som no går gjennom […]


Trekningsliste lotteri

Elinor Bolme Onsdag 11. mai 2016

Surnadal Røde Kors har nå hatt trekning av gevinster etter loddsalget som har pågått denne våren. Ta kontakt med Elin på 98 02 12 55 eller Martha på 91 67 24 51 for avtale om utlevering.


Friidrett på torsdag

Elinor Bolme Tysdag 10. mai 2016

Førstkomande torsdag startar ski og friidrettsgruppa opp att med friidrett på Borholmen for store og små. Her blir det muligheit for å teste ferdigheter innan både spenst hurtighet og ikkje minst treffe venner og naboar. Oppmøte klokka 18.


Gjerdet er kome på plass igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2016

Gjerdet rundt Bordholmen fikk har medfart i vinter. Både stormflod og landvind hadde ført til at gjerdet vart lagt ned ca 20-30 meter på den ytterste delen, mot elva. Før helga var banekomiteen på befaring for å planlegge reparasjonen…


Førstehjelpskurs AVLYST

Elinor Bolme Måndag 9. mai 2016

Grunna kolliderande kursing for ambulansepersonellet ser omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening seg nødt til å utsette morgendagens planlagte førstehjelpskurs på Bordholmen.


Raus 2016: Konsert på Gammelfabrikken 9. juni

Jon Olav Ørsal Måndag 9. mai 2016

Todalshytta og Eric Malling gjentar suksessen med låtskriverseminar på Todalshytta. 2. uken i juni blir det nytt låskriverseminar, også denne gangen i samarbeid med NOPA og GramArt. I år er seminaret blitt internasjonalt, og får besøk fra Nord-Irland og USA, forteller Eric Malling som er verskap på Todalshytta på tredje året.


Starta på ny sesong med sykkeltrim

Sverre Kjølstad Sundag 8. mai 2016

På selve frigjøringsdagen den 8. mai var årets sykkeltrim på Nordvik i gang. Nytt av året er at det blir arrangert annenhver søndag fram til 28. august, og da blir det servering hver gang. Tidsrommet er også forandret fra 1800 – 1900. Nå er det også anledning for turer til fots. Med unike muligheter som gamleveien fra Øygarden til Blekhammeren, Svinvikrunden og Blomliveien er det nok å velge i.


Fin konfirmasjonsdag i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2016

Det vart ei fin konfirmasjonsgudsteneste i Todalenen kyrkje søndag, da dei to konfirmantane Kevin Anders Brusethaug og Marit Ingeborg Ansnes tok steget inn i dei vaksnes rekkjer. I si preken til konfirmantane sa sokneprest Bernt Venås at livet kan samanliknas med ei reise. På livets reise veit ein ikkje kvar reisa går, men no er tida inne for at dere sjølve må ta styringa på vegen vidare.


Arboretet opna porten laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2016

Det var mange som tok turen til Svinsviks arboret på opningsdagen. Det var nærast drømmevêr på opningsdagen, og folk kosa seg både i uterestauranten og rundt om kring i arboretet. Denne søndagen er det tilbod om gratis omvining inkludert i billetten kl 13.00. Har du lyst til å høre historia om arboretet og om planter og busker som finns der, er det berre å møte opp.


Flytta ut butikken i finvêret..

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2016

Bernt Jørgensen har flytta butikken utpå fortauet i dag. Ein må kome seg ut, slik at ein kan nyte slike dagar, seier den aktive pensjonisten som har både snikkarverkstad og ei liten salsutstilling i kjellaren. Etter at Bernt vart pensjonist har han i mange år vore aktiv på messer og torg-arrangement rundt på Nordmøre, men no har han trappa ned litt og held på berre heime. Men ta ein stopp, og sjå kva han har å by på…


Førstehjelpskurs

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. mai 2016

Tysdag 10. mai klokka 18.00 blir det kurs i førsthjelp på Bordholmen. Det er omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør.