Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet opna porten laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2016

Det var mange som tok turen til Svinsviks arboret på opningsdagen.  Det var nærast drømmevêr på opningsdagen, og folk kosa seg både i uterestauranten og rundt om kring i arboretet. Denne søndagen er det tilbod om gratis omvining inkludert i billetten kl 13.00. Har du lyst til å høre historia om arboretet og om planter og busker som finns der, er det berre å møte opp.

Rododendronblomstringa er enno i ei tidleg fase, men varmen har gjort underverker dei siste dagane og det er no store forskjellar frå dag til dag, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh og Maja Frønes.  Her finn du meir info om Svinviks arboret

Uterestaurant_9118

Fint å ta ein kaffepause på «uterestauranten» etter ein runde i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

sauskinn_TorilG_9115

Kortreiste sauskinn frå Oppistua på Hjellnes er til sals i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

ElseH&JorunnN_9111

Else Halle Olsen og Jorun Ness tok kaffepausen ute i finvêret. Foto. Jon Olav Ørsal

Blomster_9092

Med varmen kjem blomstringa for fullt no. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 8. mai 2016, 09:13