Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flytta ut butikken i finvêret..

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2016

Bernt Jørgensen har flytta butikken utpå fortauet i dag. Ein må kome seg ut, slik at ein kan nyte slike dagar, seier den aktive pensjonisten som har både snikkarverkstad og ei liten salsutstilling i kjellaren. Etter at Bernt vart pensjonist har han i mange år vore aktiv på messer og torg-arrangement rundt på Nordmøre, men no har han trappa ned litt og held på berre heime.  Men ta ein stopp, og sjå kva han har å by på…

Du blir heller ikkje skremt av prisane, for dette er berre for å ha noko å halde på med – for å trøye tida, seier Bernt. Som sagt er det tresløyd i mange variantar, og du finn heilt sikkert noko du har bruk for. Her er alltid ope smiler han – i dag blir han iallfall på plass til kl 16, og er eg ikkje ute så er det berre å kome inn.

Publisert: 7. mai 2016, 12:23