Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin konfirmasjonsdag i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2016

Det vart ei fin konfirmasjonsgudsteneste i Todalenen kyrkje søndag, da dei to konfirmantane Kevin Anders Brusethaug og Marit Ingeborg Ansnes tok steget inn i dei vaksnes rekkjer. I si preken til konfirmantane sa sokneprest Bernt Venås at livet kan samanliknas med ei reise. På livets reise veit ein ikkje kvar reisa går, men no er tida inne for at dere sjølve må ta styringa på vegen vidare.

Livet er som ei lang reise, sa sokneprest Venås i si preken. Foto: Jon Olav Ørsal

Venås førebudde konfirmantane på at det no blir mange val å ta i tida framover,  som til dømes utdanning, bustad og familie. Han samanlikna ny og gamal tid, og endringar som skjer og har skjedd i samfunnet, og kor det er at ikkje berre er velstand og materialisme får styre livet.

Etter konfirmasjonsgudstenesta var det sjølvsagt mange gratulasjonar og fotografering utafor kyrkja. Vi i Todalen.no vil også gratulere og ønskje konfirmantane lykke til vidare!

Nedafor finn du bildeglimt frå gudstenesta og kyrkjebakkan.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. mai 2016, 13:25