Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2015

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Første skuledag ved Todalen Oppvekstsenter

Elinor Bolme Tysdag 18. august 2015

Etter vel to månader fri, var det i går full rulle i skulegarden ved Todalen Oppvekstsenter igjen. I år er det 23 elevar som går på skulen, og heile 6 førsteklassingar. Dei var naturleg vis særdeles spendet på kva dagen skulle bringe, og da er det ekstra trygt at mor og far kunne bli med […]


Mot skivene 5 skott – ild!

Jon Olav Ørsal Måndag 17. august 2015

Vi tok en tur til skytebanen i Ranheimsvingen måndag kveld – der rekna vi med å treffe ein kø lenger enn lang – som venta på å få ta skyterprøven til storviltjakta. Men, nei da, det var ein avslappa gjeng som tok seg god tid til skytinga, og 2-3 veteranar på venterommet som hadde mange gode jakt- og skytehistorier å fortelje. Det er rundt hundre jegrar som tek skyteprøven kvart år på banen i Ranheimsvingen – og det store fleirtalet hadde alt sikra seg dei obligatoriske 30 prøveskotta og etterpå 5 skott med 5 treff innafor sirkelen på dyrefiguren.


Kolonnekjøring utover kvelden

Elinor Bolme Måndag 17. august 2015

Utover kvelden er det kolonnekjøring gjennom Svinviktunellen. Det er firmaet Cawerion som held på med kabelarbeid innafor tunnelen kunne securitasvakta som passa på køkjøringa i Svinvika fortelje. Eksakt tidspunkt dei ville å bli ferdig var ikkje klart, men såpass lenge som til klokka 20. var nok sansynleg meinte arbeidskarane.    


Skyteprøve i Ranheimsvingen – er du klar for jakt?

Jon Olav Ørsal Måndag 17. august 2015

Søya og Todalen skytterlag har i heile sommar drive med skyteprøve på måndagskveldar – no er det 3 måndagskveldar att, så dersom du ikkje er kome i gang så hastar det litt. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen mellom kl 18.00 og 20.00


Sommarstemning og fotballmoro i Bøfjorden

Elinor Bolme Sundag 16. august 2015

I helga har det vore storhelg i Bøfjorden, med program frå morgon til kveld. Laurdagen var også todalingar involvert i «underhaldninga». Knøttelaget var invitert til å spele minicup i lag med andre lokale lag, medan også G10 laget til Søya/Todalen spela ein kamp mot Bøfjorden sitt lag i same klasse.


Norges Vels medalje til Ragnar

Jon Olav Ørsal Sundag 16. august 2015

Laurdag føremiddag var det høgtideleg overrekjing av Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje til Ragnar Halle. Ragnar fikk utmerkinga for lang og tru teneste hos L. Hals – han hadde 30 1/2 år s fartstid da han slutta og gikk over i pensjonistanes rekkjer 1. juli i år. I Kaffekroken var det samla både kundar, politikervener og andre vener da Terje Nordvik overrekte utmerkinga og heldt ein kort takketelae.


Ta deg ein kvil på Bakgreistaden

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2015

På trimtur til eller frå Haukarsteinen eller Romådalen kan du ta ein kvil på Bakgreistaden – spilder nytt bord og 2 benkar er på plass ved Bakgreistaden. Det er åshild og Trygve som er sponsorar og Gunnar Nordvik som er designer og handverkar. Det gamle bordet som stod der var nok uttjent og vel så det, og no er altså nytt bord på plass – laga i lerketre.


Stavgangarar til Storlidalen og Tovatna

Vidar Sogge Fredag 14. august 2015

Torsdag den 13. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Koia, hytta til Olina Halle ved Tovatna i Storlidalen. Vi startar frå kulturhuset på Skei, og i strålande sol med Sverre Kjølstad ved rattet ber det mot Kvenna og over fjorden, og om ikkje lenge er vi på rasteplassen på Gjøra der vi tek ein kafferast. På Lønset stig Harald Storli på minibussen, og på heile turen fram til hytta fortel han interessante historier og om alt vi ser.


Singel & sand på hamna

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2015

Sandkaia i Sissigrenda er ikkje akkurat den travlaste hamna til kvardags, men fredag føremiddag låg MS Freifjord der for å losse singel og sand til Gjeldnes Maskin.  MS Freifjord kom frå Herøy på Sunnmøre, og var lasta med 1050 tonn med knusagrus og singel, fortalte Per E. Gjeldnes, som kjørte grusen over på depoet som […]


Innspurt på god fiskesesong i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. august 2015

Laurdag kveld kl 24 er det definitivt slutt på årets fiskesesong i Toåa. Første veka var det labert, men i resten av sesongen har det vore bra fiske, fortel leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Det har spesielt vore bra med små- og mellomstor laks, og laksefiskarane har vore godt nøgd med årets resultat.


Åpent for å førehandsrøyste

Elinor Bolme Torsdag 13. august 2015

14. september er det kommune- og fylkestingvalg. I Surnadal kommune er det 2 dagars val: søndag 13. september og måndag 14. september. Dersom ein ikkje har anledning til å stemme på valdagane kan ein førehandsrøyste, både ved sørviskontoret på kommunhuset, eller rundt om ved dei ulike intitusjonane. Hugs valgkort.


Bøfjordhelg med kultur og fotball

Elinor Bolme Torsdag 13. august 2015

I helga er det storhelg i Bøfjorden med program og aktivitetar frå fredag til langt utpå søndagen. Bøfjordhelga startar på Kveldheim fredag kveld der Bø Grendalag arrangerer salgsmesse med tekstil- og keramikkvarer, kosmetikk, bakarvarer og anna. Laurdag blir det blandt anna revansjeoppgjer mellom Bøfjorden-Todalen, både i klassen knøtt og senior.