Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ta deg ein kvil på Bakgreistaden

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2015

På trimtur til eller frå Haukarsteinen eller Romådalen kan du ta ein kvil på Bakgreistaden – spilder nytt bord og 2 benkar er på plass ved Bakgreistaden. Det er åshild og Trygve som er sponsorar og Gunnar Nordvik som er designer og handverkar. Det gamle bordet som stod der var nok uttjent og vel så det, og no er altså nytt bord på plass – laga i lerketre.

Ta ein pause og nyt utsikten! Foto: Jon Bruset

Bordet står på Bakgreistaden, og som namnet seier så var dette plassen der dei sette på bakgreiet på hesten, slik at han kunne bremse eller halde att på turen ned Romålia med høylass – og den tida gikk trafikken etter gammelvegen og enkelte plassar var det såpass bratt at det var behov for både bakgrei og anna bremsehjelp for å kome ned helskinna.

 

Publisert: 14. august 2015, 19:25