Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2015

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Tysdag 4. august 2015

Sommerferien går vel mot slutten for dei fleste, og gjennom ferien har vi fått mange fine bidrag til dagens bilete. No er vi klare for å kåre månadens bilete for juli. Sjølv om kvardagen er på veg tilbake, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.


Spansk aften og Nordmørskveld på Pakkhuset kro

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

På Pakkhuset blir det travelt denne veka – onsdag inviteres det til «Spansk aften» og torsdag til Nordmørskveld med underhaldning. Begge kveldane er det start frå kl 20.00.


Har du sett «svanå» i Kjerringa?

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

Hønhalsen og Porkå er kjente snømerke som vi veit om i Blåfjellet og Kjerringa, men no får dei også konkurranse frå Svanå som er ei snøfonn i Midt-Kjerringa, som da sjølvsagt likar ei svane. Det er Martinus Torvik som viser oss svanå, som er lett å sjå for oss frå terrassen på Høyem. Den er […]


No må du nyte finvêret!

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

Vi har lagt attom oss eit par sommarmånader med mykje skodde og regn, så det er på tide at vi får sjå sola. Bildet er frå måndag morgon, med utsikt mot Husby. Sola er i gang med å fordampe restane etter gårdagens regn og nattas dugg. Egentleg ein flott skue å nyte til frokosten i dag, sjølv om temperaturen i 7.30-tida var berre på 6 varmegrader.


Kulturvandring innover Søyådalen.

Marit Haugen Sundag 2. august 2015

Det har ikkje vore mange solskinnsdagar i sommar, men laurdag den 1. august da Stangvik Historielag hadde bestemt å ta ei «kulturvandring» innover Søyådalen, var det ikkje mange skyer på himmelen. Vi starta med samling ved gammelskulen oppå Eidet, der ein av gaidane, Torbjørn Polden, orienterte litt om turen vidare. Første stopp var ved Gammelseterbrua. Like ved deler dalen seg i to, vi får Terrådalen «beint fram», og Søyådalen tek ein sving mot høgre ikkje langt innafor her. Torbjørn fortalte her om Gammelsetrene, som låg på andre sida (nord-sida) av elva, og nemnte og dei to setrene som låg inne i Tverrådalen. Når vi stod og såg oppover liene her, var det ganske utruleg at det har vore markaslått oppi her – vi såg ikkje mange grøne «lunger» oppi olderskogen her i dag.


Måndag: Gubbetrim på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 2. august 2015

Måndag kveld er det gubbetrim med fotball på Bordholmen. Start kl 19.00 og merk deg tida, melder Ivar Helge Kvendset i TIL trimgruppa og minner samtidig at det er mindre enn 14 dagen til returkampen mot Bøfjorden. Han håper at alle har halde forma vedlike i ferietida, slik at det berre står att finpuss til […]


Todalen.no testar stikk-ut i Halsa.

Mari B. Redalen Laurdag 1. august 2015

Da sola endelig viste seg var dagen perfekt for å ta en tur til fjells. Valget i dag ble stikk-ut tur til Saksa/Blåfjellet i Halsa kommune. Kjent for å være det finaste utkikkspunktet i kommunen


Kosa seg i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. august 2015

Laurdag vart det plutseleg ein finvêrsdag, med blå himmel og sol frå morgonen. På ein kjapp runde rundt bygda registrerte vi mange som var innom butikken for å ruste seg ut for å ta ein etterlengta fjelltur. I Toåa var laksefiskarane på plass for å prøve seg på laks- og aurefisket. Årets laksefiske ser ut til å bli ein av dei betre sesongane, med mykje så og mellomstor laks som har vore villig til å bite, medan aurefisket har vore heller labert så langt i sesongen.