Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du sett «svanå» i Kjerringa?

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

Hønhalsen og Porkå er kjente snømerke som vi veit om i Blåfjellet og Kjerringa, men no får dei også konkurranse frå Svanå som er ei snøfonn i Midt-Kjerringa, som da sjølvsagt likar ei svane. Det er Martinus Torvik som viser oss svanå, som er lett å sjå for oss frå terrassen på Høyem.

Svana_Kjerringa_0928

Sett frå Høyem er svanå tydeleg, foto: Jon Olav Ørsal

Den er kanskje enda meir markant tidlegare på sesongen når det er litt meir snø, men den lange svanehalsen og vingane trer lett fram når du ser Kjerringa frå Høyem.

GreteTorvik_0937

Tek også med eit bilete av Grete på jobb i steinbedet. Ho tykte det har vore i meste laget med regn for å få det til å blomstre skikkeleg denne sommaren. foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. august 2015, 15:07