Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2015

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Briller funnet

Elinor Bolme Sundag 23. august 2015

På Bordholmen er det i dag funnet eit par briller. Er det nokon som saknar dei, ligg dei framleis på eitt av dei runde jorda ved redskapshuset. Det ser ut for at det er eit barnebrillepar.


Fotballsuksess for IL Søya

Elinor Bolme Laurdag 22. august 2015

Nok ein gong har IL Søya arrangert ein vellykka fotballdag på Søyabanen for langt over 500 unge fotballspelarar mellom 5-6 år og opp til 12-13 år. Og med foreldre, søsken og besteforeldre som tilskodarar i finveret var det nok bortimot 1500 personar som var innom Søyabanen denne finversdagen.


Valgkampstand med spontan-konsert

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. august 2015

Surnadal AP hadde rigga til stand framfor Matkroken i Todalen i dag, der det vart servert både kaffe og frukt til folk som passerte på tur til og frå butikken på helgehandel. Vi stakk innom ein snartur, og høyrte at det ble debattert både skulesak, vegnamn og til og med molteplukking. Det var imidlertid ei gemytteleg forsamling som hadde mest fokus på kvardagslege ting i det fine sommarvêret. Men ei lita overrasking vart det, for litt kultur høyrer nok med i samband med slike arrangement…


Har du mista din powerbank?

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. august 2015

For eit par dagar sia fann Gudmund Kvendset ein såkalla powerbank (batteripakke for lading av mobiltelefon etc.) i område mellom Tristeinan og oppstigninga til Litjbotn. Der lag den i lyngen, og tydeleg vis er det nokon som har mista den i samband med molteplukking eller anna tur.


Til Folldalen og Gråsjøen på stavgang

Jon Olav Ørsal Fredag 21. august 2015

Torsdag drog stavgangruppa til fjells – nærare bestemt til Folldalen og hadde Gråsjøhytta til base. Med 23-24 varmegrader i skuggen var det godt å kome seg til fjells, og nyte sola og finvêret og det var eit trettitals deltakarar som sjølvsagt bruka bilskyss opp til Gråsjøhytta. Derifrå var det lagt opp til fottur eit par kilometer innover til tunnelutløpet som kjem frå Vindøldalen.


Yrande badeliv

Elinor Bolme Torsdag 20. august 2015

Endelig har vi fått sneven av sommar også her på Nordmøre. Og det resulterer i ekstra stor aktivitet i vasskanten av den yngre garde på ettermiddagane. Ein runde i småbåthamna resulterte i fleire «klikkar» som samlast og hygga seg i lag. Stranda ved småbåthamna er idyllisk og høveleg for dei aller minste som ikkje er alt for svømmedyktige.


Fin tur på Snøfjellet

Elinor Bolme Torsdag 20. august 2015

Det har mest vorte ein tradisjon å få eit lite turreferat frå familien Kvendset i løpet av sommaren. I år har dei vore på noko som ser ut som ein kjempeår – oppe på Snøfjellet, og vi har fått nokre fine bilder å legge ut.


Søndagsturen 52/17 til Litjvassheia i Halsa

Elinor Bolme Torsdag 20. august 2015

ørstkommende søndagstur i regi Surnadal, Rindal og Halsa kommune går til Litjvassheia med utsikt til Tustnastabbene og fjordene. Turen starter fra Løvik Grendahus søndag 23. august klokken 12.00-15.00 (ca.) og det er Halsa jeger og fiskeforening som er arrangør. Herifra tar det ca 45 min og gå opp til Litjvassheia. Det er en lett/middels tur ,og den er barnevennlig på en fin sti/vei opp.


Salvatna og Langvatnet – fine StikkUt-turar

Dordi Jorunn Halle Onsdag 19. august 2015

Oplegget Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har med StikkUt-turar verkar å vere både positivt og vellukka. Det er svært mange som stikk ut til dei ulike trimpostane, her i kommunen er det Svinvikrunden og Kleiva som har flest besøk. På Nordmarka er det to StikkUt-postar, Salvatna og Langvatnet. Salvatna ligg på Austre Nordmarka, det er ein […]


Sommarkonsert i Øye kyrkje

Oddveig Helset Halle Onsdag 19. august 2015

Torsdag kveld er det duka for ein variert og fin konsert med unge musikkstudentar frå Surnadal i Øye kyrkje. Vi er så heldige å få høyre Sigrid Vetleseter Bøe  med tonefylgje av Hedda Hansen Berg på piano . Dei startar konserten med  ei avdeling med «Salmar i ny drakt» og avsluttar konserten med «Summertime» av G.Gersvin og «Sommernatt ved fjorden» av Kjetil Bjørnstad. […]


Rehab på utflukt til Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. august 2015

Tysdag var rehabavdelinga ved Surnadal sjukeheim på årets sommarutflukt, som i år gikk til Todalen. Talgø hadde stillt Gammelfabrikken til disposisjon for gjengen og i formiddagstimane ankom dei med buss til Brusetmarka, og her kunne dei kose seg heile dagen i det fine sommarvêret og over 20 på gradstokken.


Trim til Storfjellet

Jorunn Nordvik, Trimgruppa i T.I.L. Tysdag 18. august 2015

Vi var 6-saman da vi tok fatt på bakkane opp mot Storfjellet. – Med Jon Bruset som kjentmann fekk vi innføring i både stadnamn og blomsterartar på tur opp lia. Oppå Storfjellet vart vi møtt av Georg Mossing og golden retrieveren Lita, som sette stor pris på besøk. Etter ein rast med mat og prat tok vi fatt på turen mot Nedre Grinarvatnet og Storbotn.