Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2015

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Sluttstrek for Eldremiddagen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 13. august 2015

Onsdag inviterte styret i Eldregruppa til samling for å markere avslutninga for Eldremiddagen på Hammerstuene. Der vart det servert middag til tidlegare kokkar, styremedlemer og gode støttespelarar. Denne dagen kunne dei alle gå til ferdigdekka bord og få maten servert. Menyen var nydeleg sodd med potet, loff og østerdalsflatbrød. Til dessert var det nyplukka, friske […]


Sommerkonsert i Stangvik kirke

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. august 2015

Søndag 16. august kl 19.30 er det klart for Sommerkonsert i Stangvik kirke. Det er Magnhild Frydenlund Brøske på piano og Marie Guillot på fløyte som byr på variert musikk fra 1900-tallet. 
Fra Paris til Stangvik – Begge musikerne har sin avsluttende musikkutdannelse fra musikkonservatorium i Paris. Magnhild, som er fra Stangvik, er utdanna pianist fra Griegakademiet i Bergen med professor Audun Kayser som lærer. Deretter fulgte 3 år med klassisk piano ved Conservatoire National Regional de Versailles og professor Francois Chaplin.


Skulestart på måndag

Elinor Bolme Onsdag 12. august 2015

Alle elevane ved samtlege skular i Surnadal kommune byrjar skulekvardagen etter ein etterlengta sommarferie måndag 17. august. Tidene varierer litt frå skule til skule.


52/17 søndagsturen til Aunesetra

Elinor Bolme Onsdag 12. august 2015

Denne gongens søndagstur går til Aunsetra, Storbekklia i Folldalen. Arrangør er Rindal Heimbygdslag. Turen går fra parkeringsplass med opplysningstavle «Tursti til Ura» i Folldalsvegen – ca 15 min gange langs skogsveg/seterveg opp til setervollen.


Endeleg blir det sommartemperatur – og sommarsalg

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. august 2015

Langtidsvarslet på yr.no viser endeleg at det er sommartemperaturar på gang, med temperaturar som viser oss 20-talet. I avisa blar vi opp heilsides annonse for Hageland – med nettopp sommarsalg på både hagemøblar, sommarblomster og grønplanter med store rabattar. Ein telefon til May Britt Dyrli, som er dagleg leiar for Talgøbutikkane bekreftar at det no går mot slutten for sommarsesongen på Hageland. – Ho fortel at på tross av at det har vore ein dårleg og kald sommar over heile landet, så har dei klart seg bra.


Septiktømming pågår – er du klar?

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. august 2015

Har du sett den gule septikbilen – snart er han nok på tur til deg. Robin Sørland og Simon Osvold Surnde skal nemleg innom kvar einaste septiktank i Todalen og tømme for faststoff. Dersom du må grave fram lokket så begynner det å haste no – og er ikkje tanklokket gravd fram så blir det nok ein ekstra kostnad dersom det blir ekstratur!


Huitfeldt studerte jordbruket i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2015

Valkampen er forlengst i gang, og tysdag var det besøk frå «Youngstorget» i Todalen. Da var nemleg Anniken Huitfeldt på besøk i Viastua, saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim samt politikarar og bondelagsleiarar både frå eigen kommune og frå nabokommunane på begge sider av fjorden. Tema for dagen var landbrukspolitikken. Ola Kvendset som nyleg har teke over heimgarden Viastua, var saman med kårfolket Gudmund og Wenche Kvendset vertskap for følget, og det vart servert graut og bakels til kaffen på terrassen i gardstunet.


Medlemsmøte i kveld

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Todalen Sanitetsforening minner om at dei startar opp att med medlemsmøte i kveld klokka 19.30 i Sanitetshuset. Alle medlemmer er velkomne, og dei ønskjer også nye medlemmer hjerteleg velkomne for å sjå kva organisasjonen driv med.Det blir enkel servering, med utlodning til slutt.


Med KNT og Norsk Vandrefestival på Snota

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Søndag var det i regi KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) og Norsk Vandrefestival oppsett fellestur til Snota med oppstart frå Vindøladalen. Det var oppsett lokale turledarar som skulle ta dei interesserte trygt tur retur Snota som ligg godt plassert 1668 meter over havet i Trollheimens eldorado.


Månadens bilete: Ung fisker

Ole Petter Talgø Tysdag 11. august 2015

For juli kan vi gratulere Tor Hansen som vinnar av månadens bilete med «Ung fisker i solnedgang». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 43 av dei 150 stemmane i månadens avstemning.


Naustådalssetra – nytt tak i ein fei…

Jon Olav Ørsal Måndag 10. august 2015

Denne veka vart det lagt spilder nytt tak på Naustådalssetra – tida var koma for det no. – Dei gamle konstruksjonane hadde gjort nytta gjennom mange generasjonar og etterkvart kom det også litt fukt inn. Og når taket ikkje er tett så blir det utriveleg for både hus og folk. Så i år vart bestemt at det måtte takast eit tak, fortel Gudmund Kårvatn.


Oppfylte draumen om Bjøråskars-tur

Einy Rendal Elgsæther Måndag 10. august 2015

– Ein fantastisk tur, seier Marit Hagen frå Hamar som torsdag 6. august gjekk tur retur Bjøråskaret i det flotte sommarveret vi opplevde. Ho har gjennom mange år hadde ein draum om å koma dit ein gong i livet for å finna att eit spesielt motiv som hennar far tok bilete av. På besøk i Todalen fekk ho endeleg dette ønsket oppfylt. Men det krevde stor innsats av ein som er 75 år og ikkje går turar i fjellet kvar dag.