Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Naustådalssetra – nytt tak i ein fei…

Jon Olav Ørsal Måndag 10. august 2015

Denne veka vart det lagt spilder nytt tak på Naustådalssetra – tida var koma for det no. – Dei gamle konstruksjonane hadde gjort nytta gjennom mange generasjonar og etterkvart kom det også litt fukt inn. Og når taket ikkje er tett så blir det utriveleg for både hus og folk. Så i år vart bestemt at det måtte takast eit tak, fortel Gudmund Kårvatn.

Ny mønsås blir måta til – Lars, Filip og Gunnar. Foto: Gudmund Kårvatn

Tidlegare i sommar vart ytterveggen også skifta. Så no skal ho vera rusta for ei god framtid, og bruk i generasjonar. For å leia eit slikt prosjekt var det ikkje tvil om at Gunnar Nordvik måtte leigast inn. – Han er særs dyktig med gamle hus, og gjer eit solid arbeid. Saman med makker Lars Kvendset vart arbeidet teke hand om på beste måte, skryter Gudmund vidare.

Arbeidet har gått radig, for tysdag var det helikopter her for å flyge opp materialar, og alt laurdag kl 14 vart den siste torva lagt. Da hadde vi i mellomtida bruka onsdag og torsdag til snekkering av nye takkonstruksjonar og legging av nytt tro på begge taksider. – Så laurdag var stor torvtekkjardugnad med ein stor og effektiv dugnadsgjeng. – Stor takk til alle gode hjelparar som var med og gjorde dette muleg, seier Gudmund Kårvatn til slutt.

Bildegalleri frå tekkjararbeidet på Naustådalssetra – slik vart det nytt setertak i løpet av ei lita veke.  Alle bilde: Gudmund Kårvatn

 

 

Publisert: 10. august 2015, 09:00