Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kosa seg i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. august 2015

Laurdag vart det plutseleg ein finvêrsdag, med blå himmel og sol frå morgonen.  På ein kjapp runde rundt bygda registrerte vi mange som var innom butikken for å ruste seg ut for å ta ein etterlengta fjelltur. I Toåa var laksefiskarane på plass for å prøve seg på laks- og aurefisket. Årets laksefiske ser ut til å bli ein av dei betre sesongane, med mykje så og mellomstor laks som har vore villig til å bite, medan aurefisket har vore heller labert så langt i sesongen.

DSC_0910

Idyll frå Rauåhølen i dag – to laksefiskarar med snøret ute. Foto: Jon Olav Ørsal

Ved Halsabrua trefte vi tre karer som hadde benka seg til føremiddagskaffe. Frank Lund frå Vormsund, Jan Gulliksen frå Gjerdrum hadde starta laksefisket i går og hadde fått besøk av Tom Heramb frå Surnadalsøra. Dei har lang fartstid som laksefiskarar i Toåa, heilt frå slutten av 70-talet. Det var den tida det var lengre sesong og godt fiske – spesielt var det god aurefiske på tampen av sesongen den gongen, med aurefiske heilt til midten av september.

DSC_0912

Laksefiskar som prøvar fiskelykka i Rauåhølen. Foto: Jon Olav Ørsal

Laksefiskarane var også på plass oppover elva, så det kan nok forventes at det kjem ein del fangstrapportar etter kvar med så fine forhold som det er i elva. I skrivande stund er det ca 10 m3/sek vassføring ved storfossen og det er rekna som fin fiskarelv for fluefisket. Det er meldt sol og finver og etter kvart betre temperatur utover dagen, medan det kanskje kan kome litt nedbør igjen søndag. Men måndag og tirsdag er det igjen duka for finvêr med meir sol og varme. Her kan du sjå vermeldinga for helga og her finn du langtidsvarselet på yr.no som byr på litt regn igjen utover neste veke.

 

Publisert: 1. august 2015, 12:10